lørdag 20. november 2010

Språk og reklame

Eg har ikkje takka nei til reklame i postkassen.  Til det er eg alt for nysgjerrig!  I dag dumpa denne lappen frå Cubus i Ulsteinvik ned i postkassa.  Ein kan vel ikkje forvente at dei omset reklamen til nynorsk.  Men her er det eit språkleg surr!  

Det har vorte populært å lage sine eigne dagar.  Kven hugsar ikkje dei hærlege (NB! ein skriv herleg med e)?  No skal det vere Big smile day der ein mellom anna sel accessoirer, eit ord mange ikkje greier å uttale.

Det er vel ikkje fint nok med smiledagar der ein får kjøpt tilbehør eller aksessoarar!

2 kommentarer:

  1. Vil berre oppmode deg om å takke nei til reklame. Tru meg, du får rikelig reklame likevel, og på alle butikkar finn du varekatalogar. No har vi ei postkasse utan namn som kvar dag er full av reklame og som vi tek inn. Vi treng det ikkje! Det er sløsing med ressursar, og om alle slutta å ta imot, ville avisene få meir annonseinntekter.Dessutan kan du få all den reklamen du vil ha på nettet!
    Elles har eg alltid uttalt accessoir med S ikkje k -men no må eg lære meg det rette. Men kvifor bruke ordet i det heile tatt?

    SvarSlett
  2. Tilbehør er lov både i nynorsk og bokmål. Eg har sjekka.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...