mandag 29. november 2010

Berlinerkransar

Denne veka bakar vi berlinerkransar og kokar risgraut på skulekjøkenet.  To elevar samarbeidar om oppskrifta under.  Dei steiker kvar si plate med 18 kransar.  I tillegg deler dei på ein grautporsjon på 1 dl ris og 5 dl mjølk.  Opplegget går over tre skuletimar.  Bildet er tatt frå VG.

                                                      
125 g smør
180 g kveitemjøl

1 kokt eggeplomme
1 rå eggeplomme
70 g sukker

1 rå eggekvite

2 ms perlesukker

  1. Kok eit egg i 10 minutt frå det kokar opp.
  2. Set steikeomnen på 180 grader.
  3. Leit fram ei steikeplate og bakepapir.
  1. Smuldre saman smør og kveitemjøl i ein bakebolle.
  1. Ha rå eggeplomme (du må dele egget, eggekviten har du på eit lite fat), kokt eggeplomme (den kokte eggekviten skal du ikkje bruke til noko) og sukker i ein mellomstor bolle.  Bruk handmiksar og pisk til eggedosis. 
  1. Bland saman mjølblandinga og eggedosisen og elt den til ein jamn deig.
  2. Ha perlesukker på eit lite fat.
  3. Del deigen i 36 like emne og trill ut kransar.
  4. Dypp eine sida av kransane først i eggekvite og så i perlesukker.
  5. Legg berlinerkransane på ei steikeplate og steik dei 8-10 minutt.
Ein dag begynte nokre jenter å synge ein julesong.  Eg var overraska over at dei kunne teksten til så mange vers.  Det var før eg las på mjølkekartongane.

1 kommentar:

  1. Berlinarkransar ein ein av dei få julekakesortane eg likar. Det er ein god grunn til IKKJE å lage dei.
    Julesongar på melkekartongar var ein kjempegod idé. Då eg vaks opp kunne eg alle versa på dei mest kjende julesongane, både på nynorsk og bokmål. Mykje sit att enno.Ungar no for tida har ikkje samme trening i å lære utanat som vi hadde. Det er ein teknikk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...