torsdag 18. november 2010

Bytur



Ærendet i byen i dag var som vanleg ein tur på biblioteket for å levere attende bøker.  Ei bok vart med heim att!  Eg har lese fleire av forfattaren, alle med titlar som begynner på S, tidlegare.
 På Mega var tannkrem det einaste eg strengt tatt hadde behov for.  Men så var der tilbod på brødblandingar, og det kan no vere artig å prøve slike surdeigsbrød.
På veg til kassa dumpå eg bort i eit anna tilbod av typen "få attpå".  Ein måtte kjøpe to pakkar vaskepulver for å få eit stort skittentøynett.  No ligg dette på rommet til Voldastudenten.  Eg reknar med han har bruk for begge delar.

Noko anna er at eg strengt tatt ikkje hadde til til denne turen.  I alle fall viss eg skal halde det eg har lova, nemnleg å gje tilbake kapittelprøva i engelsk.  Ha ein fin kveld!  Eg skal brette opp ermane.

2 kommentarer:

  1. Trur eg har lese boka, men hugsar den ikkje.No les eg ein reinspikka underhaldningsroman, det skjer ikkje ofte. Faktisk er det både kjekt og avslappande.Boka heiter Den glemte hagen. Forfattaren er Kate Morton, som vart kjent for boka Tilbake til Riverton.(Trur det var tittelen)

    SvarSlett
  2. Ja, eg trur du har lese boka. Tilbake til Riverton har eg sett filmatiseringa av, meiner eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...