torsdag 7. juli 2016

Hastings

Vi stoppa i Hastings på tilbaketuren for å sjå litt av byen, ikkje berre togstasjonen. Når det er sagt, så synest eg risa er ein del av ferien. Ein legg til dømes merke til at britane er mykje høflegare på toga enn kva italienarane og franskmennene er. Britane flyttar veska si, og ber deg gjerne om å sette deg ned ved sida av dei. Eg liker ikkje at folk står på bussar og tog medan unge frøkner lett kan bruke eit ekstra sete til veska si. 



Sikkert flott på stranda i fint ver! I dag har her vore overskya.


Det er godt med fish and vhips når ein er svolten! Ei venninne av meg seier at den beste fiske vert seld til England. Det trur eg så gjerne. Ein får alltid nydeleg torsk.

Battle

I dag har vi vore på utflukt! Vi tok tog til Hastings, og der skifta vi tok og for til Battle.

1066 er eit viktig årstal i britisk historie. Først slo dei vikingane med Harald Hardråde i spissen, så vart dei slått av normannarane (franskmenn), leia av Wilhelm Erobraren.  Dette slaget har vi no lært om i ein dobbeltime der vi først såg film, og deretter la vi ut på ei vandring rundt om på slagmarka med lyd på øyret.


         Battle.


            Slagmarka - litt før høgda.
        
På høgda let Wilhelm byggje ei kyrkje.

Og til slutt ein stad vi ikkje åt!


onsdag 6. juli 2016

Street life

I dag har vi gjort omtrent det same som i går. Vi har vandra i gatene, sett oss ned og drukke kaffi før vi har vore nokre timar på stranda. 

Byen er spesiell. Her er mykje alternativt, for å seie det sånn. Det er trist å sjå at så mange bur på gata. 

Dei har rigga opp storskjerm der ein kan sjå sport ute, alt frå tennis til fotball. ITV sender kampen, så vi kan sjå på rommet.

Eg liker meg godt i England. Det er greitt å forså språket, og dermed det som skjer rundt deg. Temperaturen på stranda er heilt grei for soling. Vi har mykje att å sjå av byen. Her skal også vere kjøpesenter - om det skulle skye over! Vi var inne på det eine ei kort stund berre i dag ...


mandag 4. juli 2016

Gatwick

Bok 28: Vår egen lille hemmelighet

Hvordan beskytte seg mot ondskap når den finnes midt iblant oss?
En kveld i april kommer ikke Anna-Karin Ehn hjem fra jobben på sosialkontoret, og ektemannen melder henne savnet. Han kan fortelle at hun har mottatt trusler fra klienter på jobben, og mannen frykter det verste. Dagen etter blir bilen hennes funnet i veikanten noen mil utenfor Hagfors. Det er spor av blod i bilen, og politiet mistenker at hun er drept. Anna-Karin har levd et tilsynelatende ordinært liv med mann og barn, men når journalisten Magdalena Hansoon begynner å skrape ved den perfekte fasaden, oppdager hun at kvinnen har levd med mange hemmeligheter.


Midt i denne romanen lurte eg på om eg skulle innføre eit nytt omgrep "Kjerringkrim". Eg synest ikkje forfattaren greier å fordjupe seg i brotsverka.  Det vert for mykje mascaralegging utan at det er viktig for historia.

Romanen har ein bodskap. To parallelle historier får fram problema med vald og overgrep i nære relasjonar. Kvifor greier ikkje helsearbeidara og lærarar å avdekke dette.  Her er ein nabo som bryr seg, men ho vert oppfatta som travel både for politiet og dei rundt henne. Kor lenge kan ein heil familie vere "sjuk" før det vert reagert?

For meg er dette typisk terningkast tre.

søndag 3. juli 2016

3. juli 2016

Vanlegvis feirar eg dagen min på ferie.  I år har eg vore heime, men nytta litt av dagen til å pakke.

I morgon tek vi direktefly frå Vigra til Gatwick, og deretter tog til Brighton der vi vert ei veke. Det vert spennande med eit nytt reisemål! Det kan no hende vi tek oss eit par småturar med tog.  Time will tell.  Eg satsar på eit postkort på bloggen frå mobilen kvar dag!

lørdag 2. juli 2016

Eg vel meg juli

 Juli er yndlingsmånaden min.  Då har eg alltid fri. Best liker eg å starte dagen med frukost og kaffi i hagen som i dag.
 Hagen er på det vakraste.  Dei gamaldagse rosene har begynt å blomstre. 
Det gjeld og nokre liljer og peonar.

 For eit par år sidan planta eg om valmuesøstrene, så kom det ein tørkeperiode, og eg trudde dei hadde kome vekk.  I år ser eg til mi store glede og overrasking at dei har dukka opp både i blått og kvitt.
 
 
To-tre år på rad har nokre larvar ete opp blada på skogskjegga mine på ein blunk. Eg har lurt på om eg måtte gi opp heile hekken.  I år har ikkje det skjedd.
Eit lite bilde til dei som ventar på skvåsjnytt!

I alle paradis er det ein slange.  Denne heiter iberiaskogsnigel.  Eg har meg ein runde kvar kveld og kverkar alle eg finn!

torsdag 30. juni 2016

Å mote seg opp til montering (eller kva det no måtte vere)

 Eg liker veldig godt å strikke! Når eg strikker kufter, gler eg meg spesielt til mønsteret når eg har sett ermane inn på bolen.  Men så er det denne monteringa ... Det å sy og klippe er raskt gjort.  Eg synest også det er enkelt når eg kan plukke opp masker og strikke stolpane på tvers.  Då vert plagget raskt ferdig, og eg kan begynne på eit nytt arbeid.

I juni begynte eg på to kufter der stolpane skal strikkast på langs. Slikt arbeid er det lett for meg å utsette.  På denne sydde eg maskinsaumane og klipte opp.  Der vart det eit stopp.

Ein dag eg gjekk heim, begynte eg å kjenne på presset.  Kva er problemet?  Du veit du får det til!  Det er berre å vere nøyaktig med å måle opp og sette merke! Og så er det så kjekt å bli ferdig!

Når eg har arbeid som det er freistande å utsette, bruker eg å bestemme kor tid arbeidet skal gjerast.  Då har eg godt "samvit" og stressar ikkje. Prøve- og stilbunkar angrip eg til dømes på den måten.  Tidlegare i veka bestemte eg at frysaren skulle avrimast torsdag, så det gjorde eg i dag .I går hadde eg fri til å drikke kaffi saman med ei god venninne. I kveldninga jobba eg i hagen og lytta til ei bok.
No gler eg meg til å gi vekk jakka til maibarnet!  Siste hand på verket la eg då Island slo England.

tirsdag 28. juni 2016

Røyrafjellet

Før eg for vart det fleipa med at køyreturen var lengre enn fjellturen.  Røyrafjellet høver godt for ein liten kveldstur.  Her ser de mot Tjørvåg. Regnet gav seg før vi kom fram til parkeringsplassen.
Så fann vi Hareidstrimposten! 
 
Ei bjørk hadde sådd seg ein lun plass ved stien. 

mandag 27. juni 2016

Bok 27: Ondskapens kall

Ondskapens kall er tredje bok i den kritikerroste serien om privatdetektiv Cormoran Strike og assistenten hans Robin Ellacott. En mystisk pakke blir levert til Robin Ellacott, som til sin skrekk oppdager at den inneholder benet til en død kvinne. Sjefen hennes, privatdetektiven Cormoran Strike, blir mer foruroliget enn overrasket. Han kan tenke seg i alt fire personer fra fortiden som kan være avsenderen - der alle fire er stand til særdeles grusomme handlinger. Da politiet setter alt søkelyset på en mistenkt, som Strike blir mer og mer sikker på ikke er gjerningsmannen, bestemmer de seg for å ta saken i egne hender. Strike og Robin begir seg inn i den mørke og forskrudde verdenen de andre tre opererer i. Men det gjør de ikke uten risiko, og snart er de begge i livsfare.
 
I denne krimromanen er kanskje privatlivet til dei to detektivane vel så interessant som sjølve krimgåta. Eg krev ikkje at sjølve historia nødvendigvis er realistisk.  Denne er noko "hinsides" etter mi meining.  Men romanen er lettlesen og underhaldande.  Eg ser han har fått terningkast tre i Dagbladet.  Det støttar eg - samtidig som eg nok kjem til å lese neste roman i serien.



søndag 26. juni 2016

Aktiv helg

 I går arrangerte vi UNDER LINDA FESTIVAL. Det kan de lese meir om på mannen sin blogg. Heldigvis heldt regnet seg vekke, noko som er viktig for utearrangement.
 
Elles har gebursdagane kome som perler på ei snor.  I år har eg berre gratulert på facebook.  I dag var vi i Eiksund på Birte sin dag.  Ettermiddagen vart avslutta med eit bad i sjøen.  Eg stod over, men Håkon, Birte og Øystein var uti to gonger!

fredag 24. juni 2016

Ny vaskemaskin

Då det viste seg at den gamle vaskemaskina ikkje kunne reparerast, måtte eg til med ei ny.  Av funksjonar prioriterte eg ei god sentrifuge.  At ullprogrammet er svært god, er no flott, sjølv om eg nok kjem til å vaske nye plagg for hand.  Den førre maskina tok åtte kilo tøy, denne berre sju. Når vi no vert berre to til hausten, ser eg det som ein fordel å kunne fylle maskina oftare.  Elles trur eg at vaskemengda vert omtrent halvert - og kanskje levetida på maskina dobla?

torsdag 23. juni 2016

Første feriedag

 Sjølv om tiandeklassingane slutta torsdag, så har det vore skule for resten av elevane til tysdag.  I går var det såkalla planleggingsdag.  På fleip har eg sagt at kroppen min var innstilt på Fylkeskommunen si skulerute.  Fredag, dagen etter avslutningsfesten, vakna eg og var ikkje i slag.  Men eg stirra meg på jobb.  Skulekjøkenet skulle leggast siste hand på og pakkast vekk til sommaren.  Dette bruker elevane å vere flinke til å hjelpe til med.  Alternativet var å legge seg sjuk og kanskje måtte gjere det sjølv. Vel heime la eg meg og sov før eg henta mannen på flyplassen i kveldninga.  Når eg så hadde sjansen, datt eg i hop. 

I ettertid har eg kome fram til at det må ha vore eit eller anna magevirus.  Og når eg ikkje drikk kaffi, får eg dundrande hovudverk. Søndagskvelden tok eg meg kraftig saman og fekk kome meg på jobb for å føre inn karakterar.  Det hadde ikkje dotte meg inn at eg ikkje skulle greie måndagen.  Etter ein halv time på jobb måndag morgon svimla det for meg.  Det var berre å kome seg heim att og legge seg i eit mørkt rom... Då må eg seie at eg tenkte mykje på dei som vert liggande i lengre periodar på mørke rom.

Heldigvis kom energien gradvis att.  Tysdag morgon vakna eg klokka sju etter ei trasig natt, la meg att og vakna opplagt klokka ni.  då var det gjort.  Eg kan berre slå fast at eg ikkje har vore så sjuk sidan millenniumskiftet. I etterkant kan ein og stille spørsmål ved om det er ein risikosport å klemme ei heil klasse ...
 
Ein ting som trega meg då eg vart liggande, var dei to kuftene eg skulle gjere ferdige.  Den grå hadde eg greidd søndag.  Systera mi si har eg litt meir att på.  I dag var dei lens for knappane eg vil ha i byen, så no vert ho ikkje ferdig før midt i juli uansett.

Dei blå blomstrane på bildet dukka opp i hagen min.  Eg kunne ikkje hugse kvar dei kom frå - heilt til eg såg dei på mora mi sin blogg i går.

søndag 19. juni 2016

Bok 26: Alex

Hvem kjenner egentlig Alex? Hun er vakker. Sexy. Tøff. Er det derfor hun er blitt kidnappet, innesperret og utsatt for det utenkelige?
Overbetjent Camille Verhoeven og hans menn famler i blinde: ingen mistenkte, ingen ledetråd, og håpet svinner fra time til time. Det eneste de vet, er at en kvinne er blitt revet vekk fra fortauet på en gate i Paris og kastet inn i en hvit varebil. Men når politiet finner ut av hvor hun har vært innestengt, er situasjonen langt ifra den de trodde.

'Alex' er thrilleren som får det til å gå iskaldt nedover ryggen din. Det handler om morderisk galskap og er drevet av en djevelsk logikk. Du legger den ikke fra deg.


Midt i andre CD-en på denne romanen lurte eg på om eg skulle legge han frå meg.  Orkar eg meir? Skal Alex verre innesperra i eit bur ventande på at rotter skal gnage på henne i 8 CD-ar til? Så tek romanen ei ny vending.  Fleire gonger når vi trur vi veit sanninga, dukkar det opp nye oppklaringar.  Det er vel typisk for ein thriller.

Denne romanen skil seg ut blant krimromanar.  Det er ein ekte pageturner. Og Alex vert ikkje oppeten av rotter.  Noko meir vil eg ikkje røpe.

torsdag 16. juni 2016

Avslutningfest

I kveld har tiandeklassingane hatt avslutningsfest. Det er alltid like flott å sjå dei ta imot vitnemåla sine. Dei har mykje å sjå fram til!

Denne nydelege buketten fekk eg av 10 C. Det set eg stor pris på. Og ikkje minst set eg pris på gode ord!

onsdag 15. juni 2016

Gratulerer Strikkemor(o)

I dag fyller yngste kusina mi på Eid 50 år. Gratulerer Hilde!

Eg trudde eg skulle finne eit bilde der vi sat og strikka saman, men det var dette med eldste kusina mi som dukka opp.

søndag 12. juni 2016

Gjerdsvika

 

I dag var vi inviterte på rømmegraut i godt selskap i flotte omgjevnader.  Sola skein til langt på kveld! Slike sommardagar ønskjer vi oss mange av!
 

Bok 25: De som fortjener det

 
 
                                         «Dette er ei bok som alle elskere av krim og spenning har fortjent. Den er annerledes. Overraskende. Rå, sort og vittig», skriver Ingvar Ambjørnsen for Dagbladet. Ted og Lily møtes tilfeldig i en flyplassbar på Heathrow. De skal begge ta nattflyet til Boston. Samtalen mellom dem utvikler seg raskt fra uskyldig flørt til dødelig alvor. Ted forteller om ekteskapet sitt som skranter - han har akkurat funnet ut at kona er utro. Det begynner som en halvhjertet spøk da han sier at han kunne tenke seg å drepe henne. Uventet svarer Lily at hun kan hjelpe ham.

Romanen er rett nok annleis.  Det er ikkje like lett å drepe utan å bli oppdaga! Romanen har fleire forteljarstemmer.  det er greitt, men litt forvirrande når det berre er ein opplesar. Eg kunne tenkt meg at fleire delte på den jobben, slik at kvinnestemma vart lesen av ei dame.

Elles var romanen spennande og underhaldande.  Eg hadde sans for slutten.

lørdag 11. juni 2016

Artig app

I dag fekk eg appen til å virke. Ein liten tur ute i hagen, og desse to sang i trea!

onsdag 8. juni 2016

Hareidstrimkart

Initiativet til gårsdagens tur vart tatt av ei som var ute etter å ta ein Hareidstrimpost.  Ho meiner jakta på postane er ein fin måte å bli kjent i nærområdet på. Eg ymta frampå då eg kom heim att om eg og kanskje burde skaffe meg eit kart - viss nokon stiller som turkamerat. I dag kom mannen heim med eit kart. Ein må ta tolv postar. Eg har no tatt to.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...