mandag 14. mars 2011

Brø' utan å knø II

På flyet heim frå London fekk vi gratis aviser.  I Dagbladet fann eg ei oppskrift på eit brød som eg fekk lyst å prøve.  MRW har tydeleg studert trendane innan brødbaking og kome med sin eigen variant.  For to år sidan baka eg dette brødet frå juleboka hennar, og det vart populært i familien.  Men til dagleg synest eg det var for fint.  Dagbladbrødet er 50% grovt.  Eg tek sjansen på å legge ut ei oppskrift på korleis eg gjorde det.
Eg halverte oppskrifta og laga berre eit brød.  Deigen er laus, så eg rørte saman:
1/8 dels pakke gjær
2 1/2 dl mjøl+3 3/4 dl vatn, romtemperert
300 g sammalen kveite, fin eller grov
350 g kveitemjøl
75 g solsikkekjernar
1 ts salt

Rør saman alt, helst ein kveld, og set i kjøleskåpet.

Eg brukte sammalen kveite, fin.  Dessutan brukte eg graskarkjernar, rett og slett fodi eg ikkje hadde solsikkekjernar.  Eg halverte ikkje saltmengda som er 1 ts i heil oppskrift.  
Etter ei natt i kjøleskåpet ser deigen slik ut.  Den skal stå på benken 1-2 timar til den er romtemperert.  Min heva ikkje særleg etter det.  No skulle ein legge dei til heving på ein mjøla handduk m.m.  Eg forenkla!  Eg strødde litt mjøl over deigen og forma han forsiktig med ei deigskrape for å ikkje øydelegge luftboblene.  Så fekk brødet heve 1 1/2 time til eg steikte det ved 240 grader 35-40 minutt.
Brødet vart luftig og lett og smakte utruleg godt!  Dette vert nok bakt fleire gongar sidan det fungerte med lettvintmetode.

søndag 13. mars 2011

Bok 12: Endeleg litt action?

Boka startar med eit krasj.  Ein kjem fort inn i handlinga.  Etter å ha lese ei bok eg synest var kjedeleg, så var det frigjerande å begynner på ein roman som viser seg å vere ein pageturner.


Ei familiegåte skal løysast.  Ein familie har levd på ei rekkje løgner og forteiingar.  Hovudpersonen, ein mann i førtiåra, er den som jaktar på sanninga.

Det manglar ikkje på drama.  Ein togtur med innlagt ulykke, vert hakket for mykje etter min smak.  Slutten av boka er overtydeleg.  Det er her kvaliteten på romanen avslører seg, meiner eg.  Det liknar ein amerikansk film der ein har oppfatta bodskapen, men forfattaren - eller eventuelt filmskaparen, gir seg ikkje med det.  Du skal ha det inn med teskei.

No har eg lese to bøker om middelaldrande menn skrivne av kvinner.  Eg skulle ønske dei skreiv ut ifrå sin eigen synsstad.  I denne romanen er mennene trufaste, og kvinnene er utru eller ønskjer ikkje faste forhold.  OK, det er kanskje eit poeng.

Siste setninga i boka oppsummerer oppsummeringa: Denne usedvanlige kvinnen som jobber med døden, har gitt meg nytt liv.


Boka høver for dei som likar lettlesen populærlitteratur.  Les gjerne meir her.

lørdag 12. mars 2011

The Tower of London

Vil du verkeleg? Etter at vi hadde vore i Notting Hill, fekk eg dette spørsmålet.  Men var det ein ting eg hadde bestemt meg for heime, så var det at når eg kom til London, då skulle eg på The Tower of London.  Det var læraren i meg som ville dit, for å få inspirasjon slik at eg i framtida kan legge ut om stoffet med større entusiasme.
Det første som slo meg, var kor mykje større det var enn eg hadde sett føre meg.
Her er vi på veg inn.  Vi finn og ein beefeater vi kan følgje.  Det var ein mann med gode kunnskapar og humor.  Han var kjekk å høyre på.  Kor tid brann London? 1666 kjem det frå forsamlinga.  Kor tid vann England VM i fotball? 300 år etterpå, svarer han sjølv, og nokon meiner det vil bli 300 år til neste gong!  Ein fin måte å lære årstal på?
Han har ei ærefull stilling som han har søkt på etter lang militærteneste.
Her vart dei beheaded, ei glose ein kan lære seg først som sist.  Hovuda fall i middelalderen.

Ein av dei berømte ramnane.  Der budde visst åtte ramnar der no.
Slike vakter gjekk rundt.  Men der var nok mange som vi ikkje såg så godt.  Der var også kamera over alt.  For her er kronjuvelane oppbevarte.  Der gjekk det rulleband forbi, slik at alle fekk si oppmålte tid, elles hadde det vel vorte kaos.
Eg forstod det slik at vaktene budde innanfor murane.  Her var det i alle fall hengt ut klesvask.
Når vi er på museum, bruker vi som regel ein femtilapp eller to på å kjøpe oss eit informasjonshefte.  Så kan ein lese meir eller sjekke om det er noko ein lurer på.
Vi var innanfor murane i 2 1/2 time.  Då var vi innom alle stader, men nokre berre så vidt.  Ein kunne godt ha vore der heile dagen, men då kanskje utan tenåring på slep.

fredag 11. mars 2011

Eg likar ikkje!

Det er få elevar som seier at dei ikkje likar maten.  Dei fleste har fått god oppseding heime og seier heller "Eg er ikkje så begeistra for", eller "Det er ikkje det beste eg veit".  Men av og til røper dei seg gjennom maten dei lagar.  Denne veka har det stått kyllingwok på menyen.  Enkelte fyller woken med gulrøter, skvåsj, løk og stilkselleri medan andre leitar fram dei minste gulrøtene.  I dag lærte eg at der kan vere nokre bittesmå stilkar i midten av sellerien.  Det vert lite mat på gjengen, for mengda kyllingkjøt er lik.  Og kor mykje meir freistande vert ikkje ein fargerik wok?

torsdag 10. mars 2011

Kurs i karbonadar

Månads-dealen på Prix gjer at det vert overskot på hamurgarbrød.  Attpå ein pakke med 6 brød får ein 2 Gilde karbonadar, eller Beef Burger som dei kallar dei.  Men fortvil ikkje, ein får Gilde kjøtdeig attpå tortillas!

I dag har eg lært tenåringane å lage sine eigne karbonadar.  Eg er ikkje noko spesielt flink til det, eg berre gjer det.  I ein pakke kjøtdeig har eg 1 ts potetmjøl, 1/4 ts salt, kverna pepar etter smak (ev 1 krm frå glas/pose) og 1/2 dl vatn.  Blogglesarane må gjerne kome med betre forslag.

Del burgarblandinga i fire og form store, flate karbonadar med ein kniv på ei våt fjøl.  Ha alltid våte hender når du tek i kjøtfarse.

Og smaken?  Sjølv med ei så enkel oppskrift, så var desse meir populære enn dei kjøpte.

Kanelknuter er barnemat


Eg har lova ein blogglesar å legge ut denne videosnutten.

onsdag 9. mars 2011

Gjev eg var i eit varmare land!

Når snøen lavar ned her heime, får vi drøyme oss attende til eit litt varmare land?  Der  ikkje meir enn 6-8 plussgrader då vi var i London.  Eldstemann som var der vel ei veke tidlegare, hadde hatt det ti grader varmare.  Butikkane reklamerte med spring sale.  Og folk kom ut av prøveromma kledde i  shorts.
Utanfor hotellet hadde dei planta i pottene.
Ein liten engelsk hage.
Desse blomstrande buskene såg vi fleire stader.  Er det nokon som veit kva dei heiter?
Tusenfryd reknar eg som ugras, i alle fall dei kvite.
Ei mager trøyst får vere at med høgare temperaturar følgjer plenslått.  Denne karen hadde litt av ei oppgåve!

Football: Fulham-Blackburn 3-2

Craven Cottage, heimebana til Fulham, ligg ganske sentralt i London.  Vi tok T-bana og gjekk siste stykket gjennom koselege bustadområde.
Det var ikkje lenge vi stod i kø for å kome inn.  Der er mange inngangar.  I supporterutstyrbutikken derimot måtte ein queue up.
Dei presenterte berre sine eigne spelarar.  Dei vart hylla.
Bak til høgre ser de Hangeland i kvit Fulhamdrakt.
Gamst Pedersen som har ballen her, kom inn for Blackburn siste halve omgangen.
Fulhamskoring.
Vaktkorpset var imponerande.  Ein del av dei sat og heldt auge med publikum.  Resten gjekk opp og ned i tribunegangane med jamne mellomrom.  Når det skjedde noko i kampen, reiste dei som sat seg, og resten av flokken begynte å gå og sjå seg rundt.  Ein supervisor såg ut som han var sjefen med sine nesten 2 meter og 100 kg pluss.  Han ville ein ikkje ha kome ut for.
Som eg har skrive før, er det ei stor oppleving å vere på fotballkamp i England.  Der er kjempestemning med synging og roping.  Og så må de legge merke til storleiken på hot dogane.  Eg trudde dei sat og åt bagettar.

tirsdag 8. mars 2011

Mind ...


Etter kort tid i London begynte eg å legge merke til alle forboda og køyrereglane.  Det er penalty her og prosecution fare der. Private set opp skilt.  Der er og mange åtvaringar.  Er golvet nyvaska, er der skilt meg caution eller mind ...

Duene står ikkje høgt i kurs.
Dette bildet tok eg rett før det vart opplyst om fotofotbod på Madame Tussaud's.  
På T-banen ferdast det utruleg mykje folk, så der er eit innarbeidd system.  Du kjøper billett og stemplar inn og ut.
I rulletrappene skal dei som står i ro stå til høgre.  Folk har dårleg tid, så dei spring forbi til høgre i gangane og til venstre i rulletrappene.
Kva skjer om ein bryt reglane?  Nåde den som stoppar trafikken!  Kastar du boss, er bota 75 pund.  Vi såg ein som braut fotoforbodet.  Han fekk slette bilda medan vakta passa på.  Kronjuvelane får ingen forevige.  Musikalen fekk vi nyte utan blitzlys.

Enkelte synest eg overreagerte.  Det er klart ein må ha reglar i ein millionby.  Det forstår eg og.  Men då ein fekk klar beskjed frå vakta i sportsbutikken: "no hoods allowed in this shop", var det andre som syntest det var strengt.

mandag 7. mars 2011

Bok 11: Not my cup of tea

Eg får ikkje taket på denne boka.  Den startar bra, men midt ut i fjerde CD lurer eg på om eg skal legge den frå meg.

Opplesaren gir ikkje boka eit løft, tvert imot.  Han legg trykket på siste ordet i setninga, noko eg berre måtte kutte ut å irritere meg over.

Handlinga vert ein lang gjesp, heilt til den tek seg opp att heilt mot slutten.  Blogglesarane må gjerne lese boka og gjere seg opp si eiga meining!

søndag 6. mars 2011

I'll be back

 Vi har fått sett og gjort mykje, men vi har og mykje til gode.  Når det kjem direktefly frå Vigra vert reisa mykje enklare.  I dag hadde vi spart 1 1/2 time om vi hadde parkert bilen ved flyplassen.  No når tunnelane er gratis, så er det ikkje sikkert det hadde vore dyrare heller.  Elles gjekk reisa greit.  Litt stress vart det på Gardermoen.  Vi fekk beskjed om å løpe, og det gjorde vi, eg utan sko.  Men vi rakk flyet.

I dag viser eg berre fram nokre suvenirar.  29. april er det kongeleg bryllaup.  Kanskje vi får nyte denne teen i denne koppen?
 Denne tekanna kjøpte eg for fire pund i Notting Hill.  Viss de ser nøye på bildet derifrå fredag, ser de ei dame som står og ropar med fire fingrar i veret.  Alt kosta fire pund.
 Noko å sette varme panner på, er ein nyttig ting.  Den skal frøkna eige.
Mind the gap!  Dette får ein høyre nokre gongar i løpet av ein dag når ein tek T-banen.  At tydinga må vere like tvetydig som ein anar, forstår ein når uttrykket vert vitsa med på musikalar og trykt på handdukar.

Dette får vere dagens livsteikn.  Eg kjem tilbake med meir London-stoff etter kvart.

lørdag 5. mars 2011

Dressed for success?

Blogglesarane veit kanskje ikkje at bakgrunnen for turen var at frøkna skulle på fotballkamp?  Faren har teke med seg sønene etter tur.  Kvar gong har eg sagt at når det vert hennar tur, skal eg vere med!  Eg vil ikkje hevde at eg eigentleg er så veldig fotballinteressert, men det vert no til at eg ser nokre kampar i året.  det å gå på ein kamp med ca 23000 tilskodarar er ei oppleving i seg sjølv.

Vi hadde billettar på heimelaget, Fulham, si side.  Bortelaget, Blackburn, hadde eigne inngangar og eigen del av tribunen.  Vakthaldet er formidabelt.  Det spørs om eg ikke må kome tilbake med fleire detaljar.   Men resultatet skal de få: 3-2.

I dag føremiddag var vi på nasjonalgalleriet og såg kunstskattar.  Vi konsentrerte oss stort sett om 1800-talet.  Dette får eg og kome attende til.

I går kveld vart det til at vi "grabbed a meal" på næraste sjappe.  Nordre del av London var mørklagd i over to timar.  I dag skulle det endeleg bli shepard's pie, trudde vi.  Det var lettare sagt enn gjort å finne seg eit ledig bord.  I staden vart det til at vi let oss lokke inn på ein indisk restaurant, noko vi ikkje angrar på.  Der fekk vi nydeleg mat.

Pausar har det vore lite av desse dagane.  Vi synest vi har fått med oss mykje.  No håper vi berre at SAS tek oss ikkje berre trygt, men effektivt heim att i morgon.

fredag 4. mars 2011

Friday

I dag har vi vore på to attraksjonar.  Først reiste vi til Notting Hill og Portobello Road.  Der er det marknadsdag fredagane.  Boder er der nok kvar dag, men i dag var der store mengder brukte klede til dømes i tillegg til antikvitetar.

Etterpå tenkte vi å ta oss ein tur til The Tower.  Det var mykje større enn vi hadde tenkt oss, på mange måtar.  No har vi sett dei engelske kronjuvelane.  Vi fekk guida tur rundt.  Det gav stort utbytte.

Shop till you drop
Både i går og i dag har vi vore på handletur i Oxford Street.  Det er slitsomt, men artig!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...