mandag 28. mai 2018

Jegergenser til Håkon


Yngstemann ymta frampå om at han og kunne trenge ein genser.  Det har vorte mykje strikk til jentene i det siste... Ønsket var ein kamuflasjefarga genser som likna på dei mormora strikka til dei då dei var små.  Antrekket i gata var då kamuflasjebukser.

Eg leita ei stund før eg fann ei oppskrift eg kunne tenke meg.  Boka "Strikk til alle tider" vart innkjøpt. Genseren som heiter Alfred er der i oransje med glidelås i halsen. Håkon fekk genseren dagen før han tok jaktprøva.


Genseren er strikka i Finull frå Rauma på pinnar nummer 3.  Det er eit tidkrevande prosjekt i størrelse L, men genseren vert svært anvendeleg.

Då Audun fekk sjå genseren, ymta han frampå om at hans ullgenser er nokre år gamal.  No har eg så vidt begynt på Sumen frå same boka.  Han som er militær, får blå genser til sivil bruk.


3 kommentarer:

  1. Veldig fin genser. I dag bladde eg i gamle album og fann der nokre genserar som eg strikka i si tid. Dei var litt vel fantasifulle somme av dei.

    SvarSlett
  2. Dette er faktisk ein av dei finaste herregenserane eg har sett. Og veldig anvendeleg fargar, tidlaus.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...