torsdag 22. desember 2016

22.desember

Når jula nærmar seg, skulle ein ønske at ein hadde liggande eit lager med heimestrikka gåver.  Slik vart det ikkje i går heller. 

Eg viste frøkna eit bilde av desse hjartevottane, og ho ville gjerne ha dei i ein nøytral farge. i går kveld gjorde eg dei ferdige medan vi venta på at mellomstemann skulle kome køyrande heim frå hovudstaden.  eldstemann henta han på Sjøholt sidan sjåføren ikkje skulle til Ålesund.

I dag ventar vi på at voldingane skal kome.  Huset er vaska, og no skal eg gjere nokre innkjøp før vi tek kveld.

1 kommentar:

  1. Desse vottane er nydelege.
    Lure oå om eg skal prøve å strikke.

    Her er me installert på hytta, pinnekjøtet ligg i vatn,
    jentene har pynta treet og masse spennande pakkar under.
    God jul til deg og dine.
    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...