søndag 25. desember 2016

1. juledag

 I dag har vi hatt ein roleg dag.  Men veret kan vi ikkje styre.  Som gamle speidarar er vi budde på det meste.  No håper vi berre at vi får ha straum. Elles lærte vi av Dagmar at det er lurt å legge ting på lading.
 I dag kom også birte til middag.  Mannen kokte lutefisk.  I tillegg serverte han "restar" frå i går. Eg er dessertansvarleg i jula.  I dag laga eg like godt ei ekte blautkake som det vert kalla her.  Då kokar eg aprikoskompott av tørka aprikosar, og så pyntar eg med hermetiske.
I juleserviettsamlinga fann eg desse serviettane i dag.

4 kommentarer:

  1. God jul !
    Får vatn i munnen når eg ser for meg blautkaka :)
    Vona straumen ikkje fær verken der enn her i Nordfjord.

    SvarSlett
  2. Merry Christmas. And, Happy New Year.

    I wish You all the best.
    Greeting and hug.

    From Japan, ruma ❃

    SvarSlett
    Svar
    1. Merry Christmas and a happy New year!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...