søndag 11. september 2016

Skolma, Signalhornet og Snellelida - tretoppstur

Medan eg i går vakna med tung kropp, sikkert etter arbeidsveka, og til regn ute, så vakna eg opplagt til sol i dag. Derfor bestemte vi å ta den turen vi eigentleg hadde planlagt i går. Vi køyrde til Flø og gjekk opp til Skolma derifrå. Der var vinden så sterk at eg måtte setje sjøbein for å halde meg oppreist.

Vidare gjekk turen til Signalhornet og Snellelida. Nedturen gjekk via Brørevatnet. Det siste stykket gjekk vi på veg.

No har eg 16 Hareidstrimpostar, tre postar før eg får den gjevaste premien. Det bør gå greitt.





2 kommentarer:

  1. Flotte bilde frå begge turane.
    Det er vakkert rundt oss.
    Men veret er rart, mykje vind som øydelegg mangt
    på sin veg,
    og i dag 23 grader !

    SvarSlett
  2. Skikkeleg Indian summer. Skulle gjerne gått ein slik dag ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...