onsdag 28. september 2016

Vevstrikk

Av og til dukkar det opp invitasjonar på facebook.  I dag bestemte eg meg for å gå på eit arrangement med Husflidlaget.  Temaet var ull, og ein kunne få lære vevstrikk og korgstrikk.  Eg strikka meg ein liten prøvelapp i vevstrikk.  Teknikken vert brukt mellom anna i Bosniatøflar.

Elles er det kjekt å diskutere handarbeid med folk.  Eg synest det er lettast å lære når nokon viser, og ein i tillegg kan spørje om hjelp. 

2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...