mandag 3. februar 2014

Spøtemøte

I dag har eg vore på koseleg strikkekafé på Trådkråa.  Eg hadde førebudd meg.  Mønsteret hadde eg studert på Raumaull.  Typisk meg er å kjøpe meg blå skjorter og bukser.  Skjortene bruker eg eit par gonger ... Derfor treng eg ei mørkeblå jakke til skulebruk.  I heftet er der både kort og lang modell.  Fordelen med å strikke sjølv er at ein kan strikke så sidt som ein vil.

Eg skal sjølvsagt berre strikke litt på det nye prosjektet, til dømes når eg skal følgje med på Mammon. Karpe Diem-genseren skal ha høgste prioritet. Kors på halsen!

2 kommentarer:

  1. Eg har lyst å strikke både det eine og det andre, men etter rygganfallet på sundag, må eg visst halde meg rolig ei stund. Har ikkje fått mønsteret til Marg sin genser enno heller, så eg held på med prosjektet "Restelester".

    SvarSlett
  2. Bra nokon vil strikke det. Eg burde strikke eit par i året for å ikkje gløyme kunsten...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...