søndag 23. februar 2014

Rar dag

Det går an å bli døgnvill i feriar, men no stussar eg i tillegg på kva dag det er.  Eg hadde ei kjensle av at det var søndag i går sidan vi hadde besøk og feiring.  Ikkje gjorde eg dei tinga eg plar gjere laurdagane heller.

Vi stod relativt tidleg opp.  Studenten skulle skyssast på flyplassen.  Det gjorde faren.  Eg tenkte eg skulle ta meg på tak å opne veska mi med dei to prøvene som har lagt der trygt heile ferien. Den første på 15 eksemplar var halvretta, så det gjekk fort og greitt.  Deretter skulle eg motivere med for 27 eksemplar med sju sider utfyllingsoppgåver, kvar prøve med 102 poeng. Eg starta med å ta første sida på alle, deretter andre og tredje.  Når eg byrjar slik, vert eg ikkje svolten, men det vert andre i familien.  I dag hadde vi enkel middag: Restar av svinesteik frå i går varma i mikrobølgjeomn.  Etter middagspausen sa eg til meg sjølv at eg skulle rette litt til før eg fann fram kakerestane. Litt vart til alt. Då hadde det vorte mørkt ute, og vi kunne omtrent slå kaffien saman med kveldsmaten ...

No kan eg sjå fram til ei veke der eg har tid å gjere andre ting enn retting ettermiddagane.  I morgon har eg tenkt meg på strikkekafé.  Bildet over er av det garnet eg hadde att då eg strikka siste stripe med det på jakka mi.  No har eg att å sy den saman og strikke halskant og stolpar.  Det skal gjerast med finull.

2 kommentarer:

  1. Det var nøye utrekna med trådmengda ;-)
    Fort gjort å bli litt dagvill i feriane. Godt du hugsa gå på jobb i dag..
    Kaka til Audun såg SÅ god ut.
    Ha fin veke!

    SvarSlett
  2. Eg var glad eg slapp å kjøpe eit nøste til, for det er ikkje så mykje det kan brukast til. Finull er meir anvendeleg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...