mandag 11. november 2013

Ikkje pære, berre lære?

5 om dagen
Det første elevane mine spurde om då det vart regjeringsskifte, var om det kom til å bli slutt på skulefrukta. "Det kan eg aldri tru", var mitt svar.  For kvifor skulle dei gjere seg upopulære på noko som kostar så lite, men som vil ha stor helsegevinst? Vi veit at spesielt unge jenter treng C-vitaminar til brødmåltida for at kroppen deira skal ta opp jern.  I tillegginneheld dei ulike fruktene fleire vitamin og mineral som kroppen treng.

Då dei to yngste her gjekk på barneskulen, betalte eg ganske mykje for at dei skulle få seg ei frukt om dagen.  Resultatet var at dei åt meir frukt heime.

Foreldra sitt ansvar
På facebook er det mange som meiner det er foreldra sitt ansvar å sende med borna frukt. Dei treng å realitetsorienterast!  Matpakkane endrar seg for kvart år, og det ikkje til det betre.  Rett nok sit det nokre med matpakkar med mange rom i fylt med sunne saker.  Men fleire kjem med posar med kveitebollar eller skulebollar kjøpt for matpakkepengane på butikken før skuletid. Skilnaden aukar stadig. Det er og dei som verken har med seg mat eller pengar.

Foreldre vil alltid det beste for borna sine.  Når det krev tid, pengar og planlegging, kjem dessverre mange til kort. I mange heimar er det borna som bestemmer også det dei ikkje bør bestemme. Som ein lærar i Bergen ein gong sa: "Ein kan ikkje vere forsiktig nok i val av foreldre."

Politikarane si oppgåve
Gratis skulefrukt var ein liten start på eit viktig helsefremmande tiltak, nemleg å syte for at skuleborn får i seg grovt brød med sunt pålegg, frukt og mjølk. Kvar skal ein ta pengane frå?  Det får politikarane finne ut av.  Det er kanskje eit alternativ til barnetrygd? Pengane kjem borna til gode uansett.

Mange vil ha middag på skulen.  Det krev større utbyggingar.  Ikkje sidan 60-talet har nordmenn ete middag midt på dag.  Eit brødmåltid vil vere mykje enklare å organisere.

Til Erna har eg berre ein ting å seie: Ta deg ei pære!


3 kommentarer:

  1. Eg synest det er bra med skulefrukt, dersom elevane et opp fruktene og ikkje pælmar dei veggimellom. Då eg var i barneskulen hadde alle elevane med seg skikkelig skulemat, melk fekk dei kjøpt på skulen. VARM LUNSJ har aldri vore vanlig her i landet, men det blir det kanskje. På skulen ville eg heller foreslått påsmurd mat, eller smørbrød, som vi kalla det før. Tippar det ville blitt populært, og ein ville sluppe å kaste mat. Trur eg.

    SvarSlett
  2. Har nyleg høyrt på lydboka til Roy Jacobsen, "Seierherrene", der han bl.a. brukar litt tid på å fortelje om "Oslo-fukosten", gymtimane m.m. Utruleg godt skildra.
    Eidabesta

    SvarSlett
  3. Den tida var det matmangel, no er det overflod. Eg trur samfunnet må ta ansvar når føresette sviktar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...