torsdag 14. november 2013

Gratulerer 77!

I dag kan vi gratulere far min med 77-årsdagen!

På bildet skal han vere 24 år. Han er bestefar til åtte gutar (og tre jenter).  Kven som liknar mest på bestefaren sin, er ikkje godt å seie!(?)

Laurdag skal vi feire på tradisjonelt vis. Det gler vi oss til!

Som eit apropos til svart-kvittbildet, viste eg elevane svart-kvitt-TV i dag.  Eit par hadde hjelpt meg å reparere noko.  Eg hadde kalla dei Pompel og Pilt, noko dei ikkje forstod - sjølvsagt.  I dag fann eg ein episode på YouTube for å sprite opp undervisninga litt.  Så fekk eg fortelje om då vi fekk farge-TV, om store tusenlappar som måtte brettast.  Det viste seg at dei visste at foreldre vart skremde av Pompel og Pilt.  Ein hadde sett ein gammal seddel i glas og ramme.  Sjølv vart eg mest overraska over at vaktmeisteren gjekk rundt og sa verkelege framandord. Noko anna som overraska meg var at elevane synest det var morosamt, spesielt i byrjinga. Sjølv har eg alltid vore for gammal til barne-TV, kanskje med unnatak av nettopp Pompel og Pilt., viss det nokon gong har vore for born. Kall det surrealisme eller tull og tøys. Uansett hadde dei ikkje mykje å hjelpe seg med, nokre handdukker, kosteskaft og enkle treting. Ned frå talet heng det aluminiumsfolie til dømes.

4 kommentarer:

  1. Gratulere med dagen til far din. Eg trur du er lik han ?
    Artig at du spritar opp undervisninga med historiske ( !! )
    innslag. Det likte eg også å putte inn, dei unge treng å vite litt om nær historie for å forstå litt av kor me vaksne tenkjer...

    SvarSlett
    Svar
    1. Og det er kanskje det dei hugsar best etter ein lang dag! I dag fekk eg høyre at foreldra heller ikkje likte Pompel og Pilt i sin barndom.

      Slett
  2. Så kjekk ein ung mann! Gratulere :-)

    Og Pompel og Pilt hugsar eg ja ;-)

    God natt!

    SvarSlett
  3. Det er opptil fleire på Hareid som minner om faren/morfaren, og her i bygda seier dei at min nummer 2 liknar. Eg hugsar òg Pompel og Pilt, og eg syntest det var keisamt og totalt meiningslaust då eg var barn. Seinare likte eg serien betre...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...