fredag 29. november 2013

Det vert nok jul i år og ...

Nokre folk liker å planlegge.  Dei skriv lister og gule lappar.  Eg kan ikkje fordra det!  Ein full kalender med ting eg må gjere i desember, ville vorte ei tvangstrøye for meg. Det meste vert nok gjort her, men meir etter innfallsmetoden. På den måten greier eg å kose meg med både baking, julehandel og pynting.

Litt planlegging må sjølvagt til.  Har ein ønskelister, så går handelen lettare.  Med meg sit det langt inne å skrive ned kva eg ønskjer meg til jul.  Kanskje eg skal gjere det for første gong i år for å gjere det lett for andre? (Om eg gjorde det då eg var lita, hugsar eg rett og slett ikkje.)

Det er og ein kunst å fire på krava. Eg irriterer meg når folk seier "Det vert alltids nok kaker," eller liknande uttrykk.  Det vert ikkje av seg sjølv. Nokon bakar!

Om eg har tid og lyst, kjem det eit blogginnlegg om dagen frå meg.  Men det kan stå bra til om eg vert vekke frå bloggverda ein dag!

I dag var eg innom Floriss og kjøpte meg nokre rimelege julestjerner og amaryllisløkar, alt i raudt. I morgon har forfattaren eit oppdrag der eg får vere med og få julemiddag.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg og ei triveleg adventstid!

5 kommentarer:

  1. Så herleg å lese første avsnittet ditt, eg er så einig! Eg kjenner folk med lister for alt. Ein er så forskjellige. Best å finne sin eigen stil, og ikkje bli stressa om ikkje alt er som før!
    God helg

    SvarSlett
  2. Eg må berre vedgå at eg treng å skrive hugseliste. Skal ha eit familieselskap søndag, og hadde eg ikkje skrive liste veit ikkje eg.. Men det kan bli ein uvane, eg ser den..
    Vona du ikkje slittar med blogginga. Men det er ganske tidkrevjande og skulle finne på noko fornuftig å skrive om synest eg.
    God helg med god middag !

    SvarSlett
  3. Har ikke ei dag for dag liste over gjøremål.
    Men har en del ting jeg har lyst til å gjøre før jul,
    Pluss det en må gjøre. Men det er greit å ta det når lysta er der.
    Men i dag skal jeg forberede maten til bursdagsfesten i morgen.
    Juleforberedelsene blir tatt etter
    en tur til Jæren. dvs etter den 8.des.
    Eller er jo ferdig med en god del av julegavene,
    men det er slik jeg driver med hele året.
    Ønsker deg ei koselig helg :)

    SvarSlett
  4. Lister kan føre til mindre stress, dersom ein får krysse av på noko etter kvart. Kunsten er å få gode idéar, og å få tid til jobb innimellom. Og det er "ittno som kjæm tå sæ sjøl" - kakene vert baka av nokon, huset vert vaska og pynta av nokon, maten vert handla inn av nokon og gåvene vert kjøpte av nokon. Noko kan delegerast, men eg har inntrykk av at det er mor i huset som sit med det overordna ansvaret i dei fleste heimar.

    SvarSlett
  5. Eg ser og forstår at mange liker å krysse av på lister. Det kan verke som at når dei har skrive lista, er jobben halvgjort. Hjernen min fungerer ikkje slik.
    På jobb har eg kalender fylt opp med ting som skal gjerast. Der er dagane og vekene strukturerte,
    Noko anna er handlelister. Det kan vere greitt å skrive ned det ein treng. Ligg handlelista att heime, hugsar ein det som regel likevel.
    Eg har sjølvsagt ein plan både for jula og når eg t.d. arrangerer noko. Livet har lært meg at ein kan verte både sjuk og søvnlaus. Då er det godt å ikkje ha ein altfor strukturert plan.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...