fredag 15. november 2013

God helg!

Det nye strikkeprosjektet går raskt framover på pinnar nummer 6 1/2.  Det siste heldt på å stoppe heile arbeidet.  Men i går fekk TrådKråa inn rundpinnar.  Deira fempinnar var firkanta og i tre.  Det tok eg ikkje sjansen på. I dag hadde eg eit par hemmelege ærend i byen, så eg passa på å rekke garnbutikken der før stengetid.  Der hadde dei pinnar i både tre og metall.  Desse får vere bra nok.

Det ligg an til å bli ein fredeleg kveld i heimen. Veret ute er heller ekstremt.  Men vi skal ikkje klage når vi ser korleis det er andre stader i verda.

God helg!

2 kommentarer:

  1. Pinnar i tre, og spesielt dei firkanta er utruleg gode å strikke med. Eg har kjøpt desse i dei fleste storleikar og er, som sagt, fornøgd! Dei skal vere gode for dei som har vondt i armar og skuldrar også. Du bør gi dei ein sjangs! :)

    SvarSlett
  2. Det eg var mest skeptisk til, var om det ville bli likt med det eg hadde strikka med dei andre. Det vart ikkje så mange cm. Eg har ein del fempinnar i tre. Rundpinnar liker eg best pt sine. Ikkje særleg kjekt å knekke tynne trepinnar som er relativt dyre.
    Eg veit at folk er usamde med meg, og det er heilt greitt :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...