søndag 2. juni 2013

Det gjeld å ha ...

... eit mål for dagen.  I dag var mitt å bli ferdig med engelskbunken.  Eg sette eit par gjærdeigar, trekte meg ein kopp te og sette i gang. Arbeidet gjekk greitt, og etterpå fekk eg arbeidslyst.  Eg laga både pizza og pasta.  Journalisten kom på middagsbesøk, men borddekkinga vart heller enkel i dag.

Norskbunken min skal eg rette etter prinsippet "fem om dagen".  Då får ein som regel lyst til å rette fleire. Uansett vert eg ferdig før neste helg.  Mannen i huset sensurerer.  Han har ein større jobb å gjere.

I morgon kjem studenten heim med fly.  Han såg svart på bussturen som no ville ta eit døgn, meinte han.  Med ein rimeleg ungdomsbillett reiser ein omtrent like billig som med buss.  Det vert kjekt å få han heim!

Bøkene på bildet lånte eg måndag.  Eg har allereie lese "Reddhare".  No spørs det om eg skal satse på Paasilinna?


6 kommentarer:

  1. Eg og mannen min er akkurat ferdige med å høyre lydbok i bilen til og frå hytta.
    Arto Paasilinna, Den elskelige giftblandersken.
    God bok. Eg skal skrive litt om den i eit innlegg.
    Første gongen eg har lese noko av han.
    Lukke til med rettinga !
    Hugsar godt at når eg skulle rette var det greit å halde med med andre ting, som å bake :) Godt å strekke beina og gjere litt anna innimellom...

    SvarSlett
  2. Det vert helst gjærbakst eller middagsmat som skal koke/steike lenge. Som du seier, ein må strekke på beina innimellom - eller sette på meir tevatn.

    Eg har lese Paasilinna før, men synest ikkje ein bør lese for mange i slengen. Då går ein lei av humoren.

    SvarSlett
  3. Har ikkje lese meir enn 1.2 av bøkene, her nede finn eg ikkje meir lesestoff no.

    SvarSlett
  4. Eg er for ein gongs skyld tidleg ute med rettinga! Er ferdig med norsken og nesten med engelsken. Ingen bakst samstundes her på garden da ;) Synes det er litt "juks" å høyre lydbøker ;)

    SvarSlett
  5. Eg er for ein gongs skyld tidleg ute med rettinga! Er ferdig med norsken og nesten med engelsken. Ingen bakst samstundes her på garden da ;) Synes det er litt "juks" å høyre lydbøker ;)

    SvarSlett
  6. Nokre bøker er best som lydbok som til dømes Varg Veum lese av Lasse Lintner. Paasilinna sin humor er og fantastisk som lydbok. Krim er OK. Men meir "poetiske" bøker bør ein nok lese i papirutgåve - synest eg ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...