mandag 24. juni 2013

Gratulerer Einar

 I dag kan vi gratulere Einar med 26-årsdagen!
I dag kom Audun att frå KRIK-leir i Bø i Telemark.  Dei hadde hatt det temmeleg vått.  Vi greidde å samle alle til middag før fødselsdagsbarnet for vidare på eit møte.  Han har mange jern i elden.  Som eldst i ein relativt stor flokk, har han lett for å ta på seg ansvar.
Det var typisk Einar å gå rundt i undertrøya.  Han sat omtrent aldri i ro, men leika, gjerne med bilar.  Det vart gjort nokre forsøk på å gi han dukker og bamsar, men dei fekk berre sitte og sjå på medan han leika med bilar og tog.

No arbeider han som journalist i Vikebladet i tillegg til å dekke heimekampane til Hødd og Aafk for VG.

P.S.
I dag slit vi med nettilgangen i heimen - om nokon skulle sakne kommentarar og "likes".


2 kommentarer:

  1. Ja her er det bursdager på rekke og rad.
    Gratulerer til alle sammen.
    Heldige dere som har så lang ferie. Men jeg
    kunne aldri hatt jobb som lærer så jeg ville
    ikke ha byttet. Men er vikar for elevassistent på videregående og det kunne jeg egentlig
    tenke meg å jobbe fast med. Får se hva som skjer
    fremover.
    Ønsker deg ei herlig uke :)

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Det ser ut som assistentar, eller barne- og ungdomsarbeidarar, er ei yrkesgruppe som vert større ;-)
    Eg trivst som ungdomsskulelærar. Det er aldri kjedeleg. Men ein kan heller ikkje underslå at der er ein del tøffe tak ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...