I dag tok vi eit fly midt på dag frå Gatwick til Vigra. Ungdomane hadde laga nydeleg middag til vi kom.
Det heitest at "borte bra, men heime best". Sjølv storkosar eg meg i England! Eg skulle gjerne ha vore der lenger, gjerne i leilegheit, for det er grenser for kor lenge ein kan ha tenarskap ... Ei veke med "full English breakfast", er kanskje nok? Eit luksusliv med "How do you want your eggs?", må ta slutt.
Ein lærer seg og å sette pris på det ein har. Vi er rike i Noreg! Ein ting vi tek som ei sjølvfølgje, er reint og godt vatn i springen.
Eg var spent på om rosene i hagen hadde sprotte ut. Det er visst like før. Framme er der Aloha, og så skal New Dawn klatre oppover.
Eit par sortar som var fine i februar, har no fått ein ny vår!
Onsdag kjem heile slekta mi på besøk. Ein av dessertane vert kanskje grunnlovsdessert? Rabarbraen har i alle fall kome att!
mandag 11. juli 2016
søndag 10. juli 2016
The end
I dag vakna vi til litt yr i lufta. Då var vi glade for at vi reiste til Eastborne i går, ikkje i dag som også var aktuelt. Eg tenkte kanskje at det var stengt overalt. Men til og med kjøpesenteret var stappfullt. Busslaster med språkstudentar vart sette av utanfor.
Seinare gjekk vi til enden av byen, som har vakse saman med Hove.
lørdag 9. juli 2016
Eastbourne
I dag gjekk turen til Eastbourne med buss. Turen tok ein god time langs kysten. Det var mykje flott natur og fine småbyar langs ruta.
fredag 8. juli 2016
Preston Garden
I dag starta dagen litt grått, så vi bestemte oss for å besøke ein kjend hage. På hotellet himla dei med augene då dei forstod at vi skulle gå! Det var altfor langt, så vi måtte ta 5 bussen. Mannen såg på kartet. Det tok oss 35 minutt roleg gange. Og då får vi sjå så mykje meir!
På grunn av tekniske problem, må eg bruke mannen sine bilde, og han insisterer på at eg skal vere med...
Der var store område med roser. Sjølv synest eg at blomsterenga var meir imponerande.
Elles skulle eg ønske der var namneskilt på rosene slik som i Frognerparken. Då kan ein la seg inspirere til neste rosekjøp.
Eg er så imponert over skiltinga i England!
Der var også ein flott dam med vassliljer i ulike fargar.Ei ekstaoppleving langs vegen: Lovers walk - ein blindveg!
torsdag 7. juli 2016
Hastings
Vi stoppa i Hastings på tilbaketuren for å sjå litt av byen, ikkje berre togstasjonen. Når det er sagt, så synest eg risa er ein del av ferien. Ein legg til dømes merke til at britane er mykje høflegare på toga enn kva italienarane og franskmennene er. Britane flyttar veska si, og ber deg gjerne om å sette deg ned ved sida av dei. Eg liker ikkje at folk står på bussar og tog medan unge frøkner lett kan bruke eit ekstra sete til veska si.
Battle
1066 er eit viktig årstal i britisk historie. Først slo dei vikingane med Harald Hardråde i spissen, så vart dei slått av normannarane (franskmenn), leia av Wilhelm Erobraren. Dette slaget har vi no lært om i ein dobbeltime der vi først såg film, og deretter la vi ut på ei vandring rundt om på slagmarka med lyd på øyret.
Battle.
onsdag 6. juli 2016
Street life
I dag har vi gjort omtrent det same som i går. Vi har vandra i gatene, sett oss ned og drukke kaffi før vi har vore nokre timar på stranda.
Byen er spesiell. Her er mykje alternativt, for å seie det sånn. Det er trist å sjå at så mange bur på gata.
Dei har rigga opp storskjerm der ein kan sjå sport ute, alt frå tennis til fotball. ITV sender kampen, så vi kan sjå på rommet.
tirsdag 5. juli 2016
mandag 4. juli 2016
Bok 28: Vår egen lille hemmelighet
Hvordan beskytte seg mot ondskap når den finnes midt iblant oss?
En kveld i april kommer ikke Anna-Karin Ehn hjem fra jobben på sosialkontoret, og ektemannen melder henne savnet. Han kan fortelle at hun har mottatt trusler fra klienter på jobben, og mannen frykter det verste. Dagen etter blir bilen hennes funnet i veikanten noen mil utenfor Hagfors. Det er spor av blod i bilen, og politiet mistenker at hun er drept. Anna-Karin har levd et tilsynelatende ordinært liv med mann og barn, men når journalisten Magdalena Hansoon begynner å skrape ved den perfekte fasaden, oppdager hun at kvinnen har levd med mange hemmeligheter.
Midt i denne romanen lurte eg på om eg skulle innføre eit nytt omgrep "Kjerringkrim". Eg synest ikkje forfattaren greier å fordjupe seg i brotsverka. Det vert for mykje mascaralegging utan at det er viktig for historia.
Romanen har ein bodskap. To parallelle historier får fram problema med vald og overgrep i nære relasjonar. Kvifor greier ikkje helsearbeidara og lærarar å avdekke dette. Her er ein nabo som bryr seg, men ho vert oppfatta som travel både for politiet og dei rundt henne. Kor lenge kan ein heil familie vere "sjuk" før det vert reagert?
For meg er dette typisk terningkast tre.

søndag 3. juli 2016
3. juli 2016
Vanlegvis feirar eg dagen min på ferie. I år har eg vore heime, men nytta litt av dagen til å pakke.
I morgon tek vi direktefly frå Vigra til Gatwick, og deretter tog til Brighton der vi vert ei veke. Det vert spennande med eit nytt reisemål! Det kan no hende vi tek oss eit par småturar med tog. Time will tell. Eg satsar på eit postkort på bloggen frå mobilen kvar dag!

lørdag 2. juli 2016
Eg vel meg juli
Juli er yndlingsmånaden min. Då har eg alltid fri. Best liker eg å starte dagen med frukost og kaffi i hagen som i dag.
Hagen er på det vakraste. Dei gamaldagse rosene har begynt å blomstre.
Det gjeld og nokre liljer og peonar.
For eit par år sidan planta eg om valmuesøstrene, så kom det ein tørkeperiode, og eg trudde dei hadde kome vekk. I år ser eg til mi store glede og overrasking at dei har dukka opp både i blått og kvitt.

To-tre år på rad har nokre larvar ete opp blada på skogskjegga mine på ein blunk. Eg har lurt på om eg måtte gi opp heile hekken. I år har ikkje det skjedd.
Eit lite bilde til dei som ventar på skvåsjnytt!
I alle paradis er det ein slange. Denne heiter iberiaskogsnigel. Eg har meg ein runde kvar kveld og kverkar alle eg finn!
Abonner på:
Innlegg (Atom)