fredag 7. september 2012

Endeleg!

 Endeleg låg den siste sesongen av serien i postkassa!  Denne gongen fall eg for freistinga å bestille på play.com igjen.  Der er seriane billegare enn på cdon.com, og ein slepp å betale porto. Tekstinga er rett nok på hindi og engelsk. Cdon.com leverer nok også raskare.  Men no er dei siste episodane her.
Kanskje nokon av blogglesarane har tips om kvar dei bestiller filmar.  Skal eg prøve amazon.com?  Har de erfaringar?

torsdag 6. september 2012

Vi er budde!

 Då eg såg denne smørpakken i butikkhylla, meinte eg at eg kjende att pakken. Eg har sett at bakepulver skal seljast i retroboksar.  Skal det same skje med smør?  Men det sto vel ikkje "butter" på smørpakkane før?
Ein må sjølvsagt snu pakken!  Der ser ein at smøret er fransk og har vore frose.  Tine har sett merket sitt i høgre hjørne.  I år er altså landet budde på julebakst - i september.

Eg har ei kjensle av at den tida smørpakkane likna på denne, var krisa dei store smørlagera i Europa.




onsdag 5. september 2012

Kvardagsgryte med strimla svinekjøt

Eg likar diverse matsider på facebook, så det kjem ofte oppskrifter på veggen min.  For nokre dagar sidan dukka denne gryta opp.  Først såg eg attkjennande på panna som stod på bordet heime i mange år, og så las eg oppskrifta. Wenche på Frukost-TV seier at ho kan vurdere ei oppskrift med å lese ho.  Slik er det vel med mange. Her såg eg til dømes med ein gong at ein må vere forsiktig med salt viss ein bruker buljong med salt i.  1 ts pepar synest eg også var rikeleg.  Start i alle fall med halvparten og smak til! Gryteretten var populær i heimen!

Eg har omsett oppskrifta til nynorsk og kome med eigne merknader i kursiv.
 600 g reinskore svinekjøt
1 ts salt (NB! 1/2 synest eg var nok)
1 ts pepar (1/2 ts? - smak til)
2 ms margarin til steiking
1 løk, finhakka
1 båt kvitløk, finhakka
200 g frisk sjampinjong i båtar
1 raud paprika i terningar
2 dl utblanda buljong (1 ts buljongpulver og 2 dl vatn)
2 dl crème fraîche, lett
1 ms dijonsennep

1. Steik løk og kvitløk i ei stor gryte.  Tilset sjampinjong og paprika.

2. Ha i kjøtet og krydre med salt og pepar.  Steik det til kjøtet har fått steikeskorpe.

Eg steikte kjøtet i ei steikepanne ved sida av.  Då vert det lettare brunt, og ein sparer litt tid.

3. Tilset buljong, crème fraîche og sennep, og lat det koke i 10 minutt.

Eg synest det er viktig at svinekjøtet vert møyrt!

Server med ris.

 Om eg følgde oppskrifta slavisk?  Nei, eg hadde berre ein pakke med 500 g kjøt, men så hadde eg putta 300 g sopp i posen. Elles hadde eg både raud og gul paprika.  Sidan eg hadde eit beger vanleg crème fraîche i hus, brukte eg det. Der slutta vel retten å vere mager.  Ein kan sikkert bruke fløytemjølk med litt sitronsaft om ein ikkje har rømme eller crème fraîche.
 I tillegg til ris kokte eg eit heilt blomkålhovud. Blomkål inneheld fleire mineral og vitamin enn ris.
Ein slik romanesco er eit sjeldan syn der eg handlar, så han måtte sjølvsagt bli med heim!

tirsdag 4. september 2012

Tysdag 4. september

Det blæs på Sunnmøre i dag.  Tysdagsturen vart temmeleg frisk.  No håper vi at stormen ikkje vil gjere for stor skade i hagen.

Dagen i dag vil vel gå inn i historia som den dagen dei fann Sigrid.  Eg føler sterkt med familien.

mandag 3. september 2012

VI LAGAR SYLTETØY


Eg har fått tilbakemelding på at eg gjerne må legge ut oppskrifter frå skulekjøkenet.  Denne veka lagar vi vaflar (Oppskrift i kokeboka deira.) og kokar syltetøy.  Elevane vert oppmoda om å ha med 1/2 l bær.  Dei siste åra har eg sagt at det er heilt greitt å ha med bær frå frysedisken.  Erfaringa er at dei aller fleste har med seg bær.  Og om nokon ikkje har, får dei lage vaflar.

Eg viser både korleis ein lagar vaffelrøre og korleis ein kokar syltetøy.  Elevane vert overraska over kor lett det er.  Ein får hugse på at dei er nybyrjarar etter berre to gonger på skulekjøkenet.

Tre elevar er på gruppe.  Ein av dei startar med å lage vaffelrøre.  Dei to andre kokar syltetøy.  Etterpå steiker ein av dei vaflane medan han/ho som lagar vaffelrøra kokar syltetøy. Dei fleste kan å steike vaflar frå før.

Ideelt sett bør elevane rekne ut sukkermengda sjølve, men det kan lett føre til stort behov for hjelp, så eg har tatt arket under og laga oppskrifter med 300, 400, 500, 600 og 750 g bær.  Dei får rette oppskrifta når dei har vege bæra.  Oppskrifta er laga med utgangspunkt i oppskrifta på fruktpektinposen (grøn Certo).

Elevane får med seg syltetøy heim - og kanskje det vert vaflar rundt om i heimane?  Eg laga ei blanding av bringebær og rips i dag.


1.    Vask glasa og legg dei i steikeomnen på 125 grader i ei langpanne med vatn i.  Damp glasa i 20 min.

2.    Veg bæra dine: Set panna på vekta og nullstill.                         
     Ha i bæra og noter vekta.

3.    Rekn ut kor mykje sukker og syltepulver du treng.  Mål opp.

4.    Kok bæra til dei er møre, ca 5 minutt.

5.    Rør inn pulveret og lat sylta koke i 1 minutt.

6.    Ha i sukkeret og kok til det har løyst seg opp.

7.    Ha sylta på reine glas. Lat glasa stå opp ned.



1 kg bær
8 ts syltepulver
4 dl sukker

søndag 2. september 2012

Byvandring i Ålesund

 I dag kjem det som heiter bilderas i bloggverda.
 Som eg har sagt før, held eg vener utanfor bloggen.  Men når vener spanderer byvandring som ein del av jubileet sitt, ja, då er det freistande å legge ut bilde frå denne opplevinga.
 Byvandringa starta ved Skateflukaia der snøggbåten frå Hareid legg til.  Vanlegvis er det den vegen vi reiser, men i går vart det nattferje.
Som kjent brann mest heile Ålesund ned i 1904.  I følgje guiden stod 50 av 850 hus att.  Alle trebygningane i sentrum er frå før brannen.
 Arkitektane til alle husa var norske, men dei hadde studert i utlandet.
 Jugendstilen er kjent for sine ulike vindauge i ulike etasjar.
 Tårna er også eit typisk trekk.
 No har husa fine farger.  Men malinga den tida var dårleg.
 Så det vart sagt på spøk at Ålesund var så stygg i 1940 at tyskarane trudde byen var bomba frå før.  Bygningane var grå med "sørgerender".
 Ålesunds vakraste pipe kan de skimte bak i bildet.
 Vakre utsmykkingar.

 Gågata.

 Kanskje denne fasaden er ein av dei finaste?
 Ålesunds smalaste hus.

 Guiden vår.  Eg har gått gjennom gatene i Ålesund saman med ein kollega som bruker å guide tyskarar, ein gong før. Då og lærte eg mykje.  Denne dama gjekk grundig til verks.  Guidar har gjerne nokre røvarhistorier som dei spritar opp med.
 Smijernsrekkverk er også typisk for jugendstilen.


 Benkar i gågata.
 Parkområdet ved parkeringsplassen.


 Eg synest det er utruleg at ein får henge opp reklame på jugendhus!  Det er skikkeleg skjemmande!
 Dette huset skal vere dekorert med 12 troll.
 Norske detaljar.
 Jugendstilsenteret.  Hit får vi ta oss ein tur ein gong ...
 Sildekona.




 Gata ut mot Fiskerimuseet. Der står trehus att.

Det var overskya opphaldsver og mildt under byvandringa.  Eg håper blogglesarane synest det er interessant å sjå bilde frå ein av Noregs vakraste byar.  Folk kjem frå heile verda for å sjå byen.  Vi som bur nær har og mykje å lære om byen og den nære historia.

lørdag 1. september 2012

1. september

 Det er litt vemodig å gå inn i den første haustmånaden.  Eg sit med ei kjensle av at det ofte har vore sol og fint ver denne dagen.  Ei "jente" i nabolaget har ofte hatt fint ver på fødselsdagen sin.  No er ho student i Oslo. Kanskje ho har tatt med seg fineveret dit?
 Med ny månad kjem det nye coopkupp.  Førre månad starta dei med ein ny variant, brødkupp.  Ein får anten brød attpå pålegget eller pålegget attpå brødet.  Og eg bit på.  Sidan eg ofte handlar om kveldane, når eg ikkje dette tilbodet.
Brødet er berre 43% grovt, men det er eit godt alternativ til loff i smørbrødgrillen.  Vi har vore utan smørbrødgrill ei stund.  I dag kom eg endeleg på å kjøpe ny.  Eg synest ostesmørbrød er eit greitt til supper eller som eit eige måltid.

Salami er ikkje noko magert pålegg, berre så det er sagt.  Med 35% feitt, bør ein ikkje legge for tjukt på ...
Attpå kjøtdeigen får ein Toro pizzabotn.  Som kjent er eg ingen tilhengar av posemat. Det er best å lage mat frå grunnen av.  Men så har eg eit anna motto: "Det er greitt med alt som er gratis", ikkje at denne akkurat er gratis. Tenåringane i huset skal få lage seg pizza i kveld.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...