mandag 13. juni 2011

Har nokon kjøpt pinseseviettar, kanskje?

Poenget til presten var at pinsa ofte vert gløymt som høgtid.  Vi feirar jul og påske.  Vi pyntar og styrer.  Pinsa sin farge er raudt, fekk vi vite.
 I går låg skodda langt ned i fjella.  I dag såg det litt betre ut klokka ti.
 Vi kom oss opp.  Hjørungavågspeidarane bruker å hjelpe til.  Om dei overnatta i telt i år, veit eg ikkje.  Hjørungavåg Brass spelte.
Det vart ingen treretters i dag.  Berre hovudrett, men med fars kveitefangst.

På turen nedover kom eg på kva som må til for at folk skal få opp auga for pinsa som høgtid: Fri frå Kristi Himmelfartsdag til pinse! Ved nærare ettertanke har eg kome fram til at det er nok fest og feiring i mai, og ein fjelltur er eigentleg mykje meir avslappande enn alternativet.

Rabarbra- og aprikoskompott

Denne oppskrifta er i utgangspunktet det same som denne, men halvert, altså ca 1 liter. 
1 pk aprikosar
250 g rabarbra, i bitar
4 1/2 dl vatn

2 dl sukker

1 1/2 ms potetmjøl
3/4 dl vatn

1. Kok aprikosane møyre.  Det går fortare om du har bløytlagt dei.  Ha i rabarbrabitane og kok til dei er møyre.
2. Ha i sukker.  (Eg bruker å ha i sukkeret og passe panna.  Går ein frå panna med sukkeret i, kan det lett  koke over).
3. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn.  Ta panna til side og ha i jamninga.
4. Set desserten attende på panna.  Den er ferdig på få sekund.   Avkjøl.

Rabarbra- aprikoskompott kan serverast med mjølk, fløyte eller vaniljeaus, eller du kan gjere som på bildet; legge lagvis kompott, vaniljekrem (Piano) og krem.





søndag 12. juni 2011

Treretters middag

Det var nokon som orda frampå om at no då eldstemann har flytta heimanfrå, måtte vi invitere han på søndagsmiddag.  Han hadde eit oppdrag på Hødd, så det passa fint etter jobb.
Det har vore så mykje snakk om firestjerners middag der kravet er tre retter.  I dag slo eg til med ei enkel, men god aspargessuppe.  (Og det vart rydda ut to glas med asparges frå matboda).
Eg hadde att eit lammelår i frysaren.  Det er for lite når vi har gjester, men er akkurat passeleg til seks personar.
Ei venninne av meg bruker å lage syltetøy av rabarbra og aprikos.  Så i dag laga eg kompott av det.  Ein annan gong ville eg ha kokt aprikosen møyr før eg har i rabarbra som har kortare koketid.  Eg skreller rabarbraen.  Kanskje fargen hadde vorte finare om eg let vere?
Desserten vart servert i glas.  Eit lag aprikos- rabarbrakompott, eit lag Piano vaniljekrem og eit lag krem.  Hermetisk aprikos til pynt.  Sitronmelissen veks i hagen.  Den har overvintra.

P.S.
Dessertoppskrifta skal eg legge ut på eige innlegg slik at den vert lettare å finne att.

lørdag 11. juni 2011

To halve hekkar

 I dag tidleg hadde eg sett på kaffien og skulle til å hente avisa, då telefonen ringte.  Frisørtimen min vart avlyst.  Då var det berre å endre planar for dagen.  Kva med å kjøpe hekk?  Jau, det var ein god idé.  Vi har litt ulike syn på kva som er ideelt, men bestemte oss for å sjå kva som fanst i byen.  Der var ulike plantar, men berre nokre få av kvar!  Kva gjer ein, reiser til Furene?  I farta kom eg ikkje på at Pekas kanskje hadde vore nærare.

Vi bestemte oss for å handle der vi var og begynne i ein ende, så kan det hende vi finn same plantane ein annan stad.  Eg skal legge lappane i lommeboka.  Om slekta manglar gåveidéar, så kan dei no vere på utkik etter fire plantar av kvar viss dei er i Furene.
Spiraea Japonica "Anthony waterer" (Mørkeraud)
Spirea Cinera "Grefsheim" Brudespirea

Elles vart veret mykje finare enn frykta, så vi har fått ordna litt småtteri i hagen til helga.

fredag 10. juni 2011

Cumin=spisskummen?

Eg har fått spørsmål om eg er sikker på at eg har kjøpt spisskummen, ikkje kummen som er karve.  Etter litt søking på nett, kom eg fram til at:
cumin (engelsk)=spisskummen
kummen(norsk)=karve
For å få stadfeste dette, opna eg pulveret er kjøpte på Asiamat.  Eg er ikkje i tvil: Det lukta taco, altså spisskummen.  Det er også det krydderet som vert brukt i asiatisk matlaging.

Viss blogglesarane ikkje er eininge i dette, eller har innspel, er det berre å kommentere!

torsdag 9. juni 2011

Smaken av Ulstein?

Eg hadde to ærend i byen i dag.  For det første hadde eg ei bok som skulle leverast på biblioteket.  For det andre skulle eg kjøpe krydder på Mega.  På vegen attende til Blåhuset oppdaga eg at Asiamat-butikken var komen attende til gata.  Og kvifor ikkje kjøpe krydder der?  Eg kjøpte eit par posar med spisskummen.  Eg er nemleg usikker på kva som er best.  Til skulekjøkenet er det kanskje lurt med den malne.

Om det er billigare på innvandrarbutikken var eg i tvil om, men ikkje no lenger. Den malne kostar det same for 100g der som for 36g  på Mega.  Den heile var 13,50 for 37g på Spar og 16,90 for 100 g på Asiamat.  Moralen?  Stikk innom Asiamat, lag rikeleg med Tacokrydder og gi vekk til slekt og vener?

Eldstemann flyttar heimanfrå i dag.  Eg har pakka kasser med gamle panner og kjøkenutstyr.  For at han ikkje berre skal ha ting frå 80-talet, stakk eg innom eit par butikkar og kika.  På Kid fann eg 4 glasasjettar og 4 glastallerkar på - 70%.

Ulsteindagane eller "Smaken av Ulsteinvik" som dei heiter i år er ikkje akkurat heldige med veret.

Slektstre

Eg skulle forklare nokon slektsskapen mellom den norske og den engelske kongefamilien.  Maud var nemleg tanta(faster) til Georg VI, Bertie i filmen The King's speech.

Og kva finn ein ikkje på nettet.  Sjekk denne sida.  Her kan ein zoome seg inn og finne bilde av alle!

onsdag 8. juni 2011

Utlada

 I dag har vore ein av dei travlegaste dagane i året, nemleg munnleg eksamen.
 No har eg tatt meg ein tur ut i hagen i det milde fine veret og foreviga nokre plantar.  Aloharosa veks frå rota.
 Den tidlegaste peonen.  I år har han sju knoppar.
 Honningknoppurten veks villeg.
 Under fiberduken veks skvåsjen.
Fiolar frå i fjor har sådd seg.

tirsdag 7. juni 2011

Heimelaga tacokrydder

Ein kollega av meg har begynt å lage sitt eige tacokrydder.  Ho hadde vore inne på Trines matblogg og funne oppskrifta. Eg og måtte sjølvsagt prøve!

Utfordringa var å finne alle kryddera.  Eg visste at chiliflak var å få på Mega Ulsteinvik.  Så fann eg nokre på Coop Prix Hareid og resten på Spar Hareid.  Neste gong skal eg skrive alle på liste og handle i Ulsteinvik.  Det einaste eg var usikker på, var spisskummin.  Eg kjøpte heile frø og knuste dei litt i morter.  Kollegaen min hadde brukt malen spisskummin.  Det skal eg gjere neste gong, for eg synest den smaken var litt dominerande.

Elles dobla eg oppskrifta og oppdaga at eit krydderglas er akkurat 6 matskeier.  Heile glaset med meksikansk chilipulver gjekk med.  Til kvar pakke kjøtdeig går det med 2 ts av krydderet.  Familien synest det var godt.

Mora mi og systera mi fekk med seg kvar sitt lite glas heim for å prøve.  Eg ventar respons i kommentarfeltet når dei har testa det!

mandag 6. juni 2011

Gratulerer Olaug 14 år!

I dag kan vi gratulere Olaug med 14-årsdagen som vi har feira i fleire rundar.  Det offisielle bildet, det ved rododendronen, tok vi i går medan vi hadde tid.  Ho leita fram ein kjole som stod i stil med aksessoarane ho fekk av tanta.  Slikt er viktig når ein er fjortis.

No er ho på veg til Åheim på fotballkamp med J-16.  Heia Hareid!
Dette bildet er fem år gammalt.
Vi hadde vel eit liknande treff som i går!

søndag 5. juni 2011

Glimt frå dagen

Amanda 11 og Olaug 14.
Altanbordet og nokre stolar som har sett sine beste dagar (Få det ut på bloggen, så vert det kanskje tatt tak i!) fekk tene som ungdomsbord.  Fjortenåringen hadde dekt på og pynta.
Det har vore sol og kald vind i dag.  Dei vaksne kosa seg på altanen medan ungdommane nytta plenen.
Gjestene hadde med kaker og dessertar.
Legg merke til den matchande kakespaden!  Frøkna var med meg på Kid for 2-3 år sidan, og dette var noko av det finaste ho hadde sett ...

Feiring på førehand

 I går feira frøkna fjortenårsdagen sin saman med venninnene.  Eg trur dei var tretten til bords.  Eg var snar å hive dukane i vaskemaskina for gjenbruk i dag.  Serviettane er dei same, men ikkje gjenbruk.  Eg likte godt at dei hadde litt blått i seg, slik at dei passar til glasa.
 Vasane kjøpte eg i Fosnavågen til ein billeg penge førre laurdag.  Eg tok blomster frå krukkene i tillegg til dei rosa "stråa".
Ei rose frå ei potterose.

No skal eg lage kjøtkaker før slekta kjem!  Svinesteikene står i omnen.

lørdag 4. juni 2011

Marengskake

Av eggekvitane som vart til overs frå islaginga, laga eg raskt ein marengsbotn.  Om kaka ikkje fell i smak hos fjortisjentene, så veit eg at dei som vert forviste til kjellaren, ikkje har noko imot restane.

4-5 eggekvitar
4 dl sukker

Pisk stiv marengs.  Bruk ein kraftig miksar.  Brei marengsmassen utover ei langpanne og steik botnen ved 150 grader ca ein time.

frosne bær
1 pk Piano vaniljekrem
5 dl fløyte + litt ekte vaniljesukker

 Del marengsbotnen i to.  Storleiken vert halvert. Då kan du bruke eit rektangulært fat eller ei stor lasagneform som eg.  Leggg lagvis marengs, bær, vaniljekrem og fløytekrem
Eg har ikkje pynta kaka enno.  Bruk gjerne friske bær.

fredag 3. juni 2011

Vaniljeis

Vi er i full gang med førebuing til fjortisfest.  Eitt av ønska var heimelaga is.  Her kjem oppskrifta som vi bruker.  Enklare kan det ikkje gjerast!  Oppskrifta er til ei form på 1,8 l, men den er lett å minske eller auke.
1. Pisk stiv eggedosis av
5 eggeplommer
5 ms sukker (eller mindre)
1 ms ekte vaniljesukker

2. Pisk mjuk krem av
5 dl fløyte


Bland saman eggedosis og krem forsiktig med ein slikkepott og hell dette i forma.  Set i frysaren.

Eg rører ikkje i denne isen, men det kan ein vel gjere om ein vil.

torsdag 2. juni 2011

The real king

Georg VI (1895-1952) og Elisabeth(1900-2002)

 Etter å ha sett Kongens tale, synest eg det var interessant å finne stoff om den britiske kongefamilien.  Dette er vår nære historie.  Dronningmora (over) hugsar vi som den koselege bestemora til Charles.
Etter ei lita leiterunde fann eg denne sida.

 På jobb drikk eg kaffi av mitt kongelege krus.  Det er inga ny oppfinning å produsere slike koppar.

 Edvard VIII(1894-1972) og Wallis Simpson (1896-1986).  Han abdiserte for å gifte seg.  Ho var skild.
Desse to stod for skandalane.
Framtida vil vise om Charles vert konge.  Eg trur at om ein 10-20 år er Charles konge og Camilla dronning.

Time will tell.

Kjelde: Wikipedia

Bok 29: Taushetens konsekvenser

I dag har eg lese ferdig denne såkalla bestseljaren.  Det kan godt hende romanen har selt godt, men nokon stor litteratur er ikkje dette etter mi meining.

Historia er enkel, og det same er moralen: Ein bør snakke om ting.  Folk har krav på sanninga.  Sanninga frigjer.  Hovedpersonen, Adam, grev i si eiga historie og lærer av den.

Språket i boka er enkelt.  Dette er ikkje ei bok for folk som ikkje liker kliséar.  No har eg lese den som lydbok og finn ikkje ordrette sitat, men uttrykk som at sekunder som føltes som evigheter, gjer språket svulstig og, igjen etter mi meining, dårleg.  Eg er ganske eining med denne meldinga, men ikkje om språket.

onsdag 1. juni 2011

Brilliant

 Denne filmen har fleire bloggarar sett på kino, og alle har vore samstemte:  Denne filmen vil dei anbefale alle å sjå.

Her i huset er vi treige å kome oss på kino.  Det vert ofte til at vi ventar til filmane kjem på DVD.  Denne gongen trong vi ikkje vente så lenge.  Studenten hadde filmen, som han hadde bestilt frå England, med seg heim.  Filmen har ikkje kome til Norge med norsk tekst enno.  Eg liker å sette på engelsk tekst, og då er det ikkje noko problem med språket.

Studenten  hevda at det er den beste filmen som har blitt laga sidan Forrest Gump og Frihetens Regn (1994).Sjølv vil eg seie at det er ein av dei beste fimane eg har sett. Skodespelarprestasjonane er framifrå.

Dronningmora hugsar vi godt.  Vi vaks opp med å høyre om Wallis Simpson, den fråskilde amerikanarinna som gjorde at kong Edvard VIII abdiserte, og den yngre broren Georg VI tok over trona.  At han hadde nazisympatiar, var nytt for meg.







Edvard VIII
Wallis Simpson
Georg VI, gift med Elisabeth.  Far til noverande Queen Elisabeth.  Heilt sidan han var 4-5 år var han plaga med stamming.  Som prins hadde han ikkje problem med dette. Ein del halvhjerta forsøk vert gjort med ulike stemmepedagogar.  Men når det ligg an til at han kan bli konge, får kona tak i ein ny.  Det er forholdet mellom desse to som vert så godt skildra i filmen.  The King's speech er talen kongen held til folket i 1945 då England  går til krig mot Tyskland.

Det er berre ein ting å seie: Denne filmen bør alle få med seg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...