søndag 16. juni 2019

Du trur det ikkje før du får sjå det?

 Torsdag sykle vi til Alme med heile 8. steget for å rydde plast.  Andrea Øien Sæverud, som også hat tatt bilda, var med oss. Dagen før informerte ho elevar og lærarar om plast og viktigheta av sortering og gjenvinning. Vi fekk og høyre om område der jorda er full av plast.
Nokre av elevane hadde begynt å lette litt på torva.  Eg fann om lag 100 Q-tips på ein kvadratmeter i tillegg til pennar, lypsylar og lighterar. 

Eit lite miljøtiltak som å forby produksjon av Q-tips med plast, kan ha stor verknad for miljøet.  Sjølv er eg glad for at eg aldri har putta ein Q-tips i toalettet.

På SSR si Facebook-side kan de sjå fleire bilde.  Elevane hadde håpa på å finne noko med framandlandsk tekst på, men då vart dei skuffa. 

Ein slik dag er svært lærerik!  Det er noko heilt anna, også for meg, å sjå under torva på ei strand nær oss enn å sjå det på TV

2 kommentarer:

  1. Tankevekkjande både for unge og eldre.
    Flott måte å bruke tid på.

    SvarSlett
  2. Ja, mykje betre enn å skulke for klimaet!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...