mandag 30. juli 2018

Bok 32: Begynnelser


Livet må levast framlengs og forståast baklengs.

Miljøvernaren Terje ligg på sjukehuset etter å ha tatt sitt eige liv. Vi følger han bakover i tid, først som vaksen, deretter som ungdom og til slutt som barn. Gradvis blir vi kjente med ei sår familiehistorie, Terjes glødande kjærleik til naturen og alle vala han tok eller ikkje tok. Kvifor blir eigentleg livet som det blir, og kva er samanhengen mellom enkeltmennesket og det store kretsløpet vi alle er ein del av?

«Begynnelser» er ein vakker og svært aktuell roman om den komplekse menneskenaturen og naturen vi held på å øydelegge.

«Først da sommarfuglen letta frå raudkløveren og eg prøvde å følge han med blikket mens han flaksa med rykkvise sikksakkbevegelsar innover i skogen, merka eg at auga mine var fylte opp av tårer. Vi menneske burde utvide nestekjærleiksbodet, tenkte eg, vi burde leve slik at dei andre artane saknar oss den dagen vår art er borte frå kloden.»


Eg begynte på denne romanen for ein månads tid sida og la han vekk.  Språket plaga meg. Opplesaren er heilt sikkert flink å lese, men han les nynorsk på bokmål.  Intonasjonen vert feil.  Hadde trønderdialekt skine gjennom, ville det vore lettare å takle språket.  Alt vert lukka t.d. Eg får lyst til å be nokon late att noko , om ikkje anna som ein variasjon.

Men då det kom fram at slekta likte boka, så gav eg henne ein ny sjanse.Eg bestemte meg for å sile vekk det eg ikkje likte. 

Tiller skildrar godt psyken til Terje.  Med tilbakeblikk får vi innsikt i ekteskap og barndom. Sjølv vart eg riven med.  Romanen er innsiktsfull og gir mykje høve til refleksjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...