mandag 14. mai 2018

Første langhelg i mai

 Den store hendinga denne langhelga var konfirmasjonen til yngstemann til systera mi. Det var ein flott dag på alle måtar. dei som er interesserte, kan klikke seg inn på hennar og mor mi sin blogg.

I selskapet var det mange gjester.  Det er spesielt kjekt å få treffe slekt som ein ser heller sjeldan.
Torsdag kom journalisten heim frå vikariatet sitt i NRK Finnmark.  Han har vore i Alta sidan 1. januar.  No skal han vere heime nokre veker før han skal jobbe i NRK Oslo i sporten fram til ut i september. Det er han som har tatt bilda over.

Det er berre to arbeidsdagar att før neste langhelg.  Elevane mine har kome opp i skriftleg engelsk.  Førebuingsdag og eksamensdag er ikkje før neste torsdag og fredag.

1 kommentar:

  1. Ynskjer deg ei fin langhelg,
    tenk kor kjekt visst veret vare.
    (sjølv om me har delvis skodde her ute hos oss..)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...