fredag 23. september 2016

Tikka masala - glas vs. pose

Eg kjem ofte i diskusjon om mat med folk.  Vi utvekslar tips og erfaringar.  Ein av mine kjepphestar er motstand mot mat i pulverform.  Skal ein først kjøpe ferdigmat, kan ein kjøpe frå frysedisken eller på til dømes glas.

Så kom denne krydderposen i hus.  Eg fann då ut at eg ville sjekke min eigen påstand og kjøpte eit glas med same namn.  Eg kokte ris og følgde instruksane. Glaset inneheldt lite feitt samanlikna med posen som skulle blandast med creme fraiche. Eitt poeng til glaset.

Så kom vi til smakstestinga.  Familien vart utsett for ein blindtest.  Alle likte posematen best!  Til og med ho som laga til maten ...

4 kommentarer:

  1. Det er kanskje creme fraichen som gjer susen ....
    Eg hadde ei tante som lage verdens beste mat,
    ho brukte meierismør og fløyte i det meste.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tenkte det same!Ikkje akkurat mager mat ...
      Andre kyllingsausar er det fløyte i. Det kan vere greitt om ein har ein som bør brukast opp.

      Slett
  2. Blei det betre enn Tikka Masala laga frå botnen av?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...