søndag 15. mars 2015

Vår vår


Her hos oss har det vore nydeleg vårver i dag.  Sola har skine frå skyfri himmel.  Men temperaturen skiftar fort frå stille område til der vinden får tak. Det er lett å tru at våren har kome lenger enn han verkeleg har.  I naturen hadde nokre få hestehovar vakna på solsida ved ein murkant.  Desse blomane var ukjende for oss før, men no har dei truleg kome med ballast eller med store bilar.

Eg passa på å gå rundt vatnet midt på dag. Elles har eg kopla av frå skulearbeid.  Dei to førre vekene har det vore mykje kveldsjobbing, og eg har tatt helgene til hjelp.  Så får ein unne seg ei frihelg før innspurten til påske. Vi gler oss mest til å få karane heim att!

4 kommentarer:

  1. I dag har vore ein nydeleg dag :-)
    Måtte vi få fleire slike!

    Fin ny veke!

    SvarSlett
  2. Fint bilde.
    Ja, er det ikkje slik, desse var her ikkje før ?
    Av og til begynne eg å lure på det.
    Vona me får mange slike dager framover.

    SvarSlett
  3. Eg håper spesielt på fint ver tysdag, for då er det skidag.
    Hestehov las vi berre om, meiner eg. Namna på dei vanlege blomane lærte eg tidleg, både av interesse og fordi mor mi lærte oss dei.

    SvarSlett
  4. Eg var godt vaksen før eg såg ein "levande" hestehov. I går fann eg årets første på Rjåneset.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...