mandag 9. juni 2014

Pinse

 Eg har nokre fine fjellbilde liggande på mobilen, men ein eller annan "driver" vil ikkje samarbeide, så de får berre sjå eit par bilde frå frøkna si feiring.  Eg spanderte berre tre av peonane hennar.
I fjor laga eg Pavlova både titt og ofte.  Det var eit ønske frå henne at eg laga den til venninnene. Eg var på skulen og retta norsktentamenar heile pinseaftan kveld medan ho hadde selskap .  Mitt ønske var at der skulle vere eit stykke att.  det var der heldigvis!

Den siste veka hr eg vore på tre oppturar! I dag for vi på Melshornet.  Eg gjekk i mitt eige tempo.  Det nyt eg!  På skuletur ligg eg alltid bakarst.  I baktroppen er ikkje humøret alltid på topp, ikkje motivasjonen heller ... I følgje han som tok tida på meg(visste eg det ikkje!) gjekk eg frå Ulset på 59.50. Ikkje for å skryte (som folk seier når dei skal skryte av seg sjølv), men eg føler meg sprekare enn i fjor.

Studenten har pakka ut tinga sine i dag og vaska kle i dag. Eg hugsar godt då eg sjølv var ferdig med mine fem år.  "Aldri meir eksamen," tenkte eg.  Resten av livet skulle eg berre lese av interesse.  Det har halde så langt.

No er det akkurat to veker til vi får ferie!

2 kommentarer:

  1. Herleg kake!
    Vår yngste vart 16 år i går, men var bortreist på dagen.
    Så vi feira han utan at han var tilstade ;-)
    Har diverre ikkje vore sprek i helga, men godt sjå andre er det.
    Ha fin ny kort veke!

    SvarSlett
  2. Eg trur du godt kan skryte av turen.
    Mange år sidan eg var på Melshornet, minnast at det var
    jamt og tungt heile vegen. Astmaen min er lei når eg går motbakke så eg likar best slakt terreng. Gamleeidet i bra fart gjer eg ofte.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...