tirsdag 21. januar 2014

Tøff eller stygg?

Eg hadde eigentleg tenkt å strikke kufte til meg sjølv, men så hadde frøkna eit sterkt ønske om ein Karpe Diem-genser. Mønsteret er på framsida av den nye hønsestrikkboka, ser eg.  Men den ligg og gratis på nett.  På pinnar 5 går det raskt å strikke.

Blant strikevenninnene er meiningane delte.  Enkelte synest den er tøff, medan andre synest den er direkte stygg.  Sjølv er eg i første kategori.  Frøkna sjølv seier den er styggpen.

5 kommentarer:

  1. Egt synest den er både tøff og stygg! Hadde eg vore nokre år yngre kunne det hende eg ville hatt ein slik. Den er no litt HÆÆÆÆÆRLIG då.

    SvarSlett
  2. Genseren er i alle fall interessant å strikke. Litt travelt er det med dei lange spranga.

    SvarSlett
  3. Eldstejenta har ein slik, og ein dag i fjor då det var heildagsprøve, tjuvlånte eg genseren fordi den var så utruleg varm. Elevane sperra auga opp, men eg slapp å fryse medan eg sat vakt. Den er kjempetøff! Og så er der mange stilige symbol ("ti kniver i hjertet...")

    SvarSlett
  4. Eg held på med mor og far i døden, trur eg?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...