torsdag 19. september 2013

Kufte

 I dag fekk eg frøkna til å stille opp som modell i den nye kufta mi.
 Blogglesarane hugsar kanskje at eg fekk denne boka av ei venninne til fødselsdagen min.
 Der er 17 ulike kufter.  Det er liker svært godt med boka, er dei detaljerte mønstera.  Slike diagram er der til alle. Det gjorde det lett for meg som strikka rundt, ikkje fram og tilbake som forfattaren tilrår.
 Heile erma viser detaljert korleis ein skal auke.  Fellinga oppe legg eg ikkje ut.
Svigerinna mi og eg var samde om at eg skulle velje rund hals.  Då er det berre å sjå på eit anna mønster i boka viss ein er usikker.

Eg er godt nøgd med jakka. Stolpane kunne ha vore litt strammare, men eg reknar med at det går seg til.  Det er lettare å ta opp masker langs kanten enn å strikke nedanfrå og opp, har eg erfart. Garnet eg brukte, er Hverdags.  Det er litt tynnare enn det som står i boka, så eg strikka største storleik.

Om eg kjem til å strikke fleire kufter, vil tida vise.  Det er nokre timar monteringsarbeid på eit slikt prosjekt ...

11 kommentarer:

  1. Den nye kofta var kjempefin! Er du sikker på at ikkje modellen stikk av med den? Det hadde eg gjort om eg var ho- unnskyld "henne".

    SvarSlett
  2. Den hadde sikkert vore fin til systa også, hennar fargar lissom.

    SvarSlett
  3. Den blei kjempefin. Nå fikk jeg lyst til å strikke noe anna enn sokker.
    Wenche

    SvarSlett
  4. Fin kufte.
    Den modellen kunne eg tenkt meg.

    SvarSlett
  5. Knallfin kofte i fine farger!! Ble fin med rund hals! Har boken og synes den er inspirerende!

    SvarSlett
  6. Takk alle saman! Det ligg mykje arbeid i ei slik kofte i tynt garn og mykje montering. Men så har ein eit relativt tynt plagg som vert mykje brukt. Eg ser ikkje vekk i frå at eg kan finne på å strikke ei til neste vinter også.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...