onsdag 18. september 2013

Knitting America

Eg er såkalla Arkvenn.  Det betyr at eg med ujamne mellomrom får svært gode tilbod på mail.  Dei slår til dømes til med halv pris på hobbybøker eller kokebøker eit par gonger i året. Lova seier vel at årets bøker ikkje er på sal.  Men elles kan ein boltre seg i gode tilbod. Kjøper ein for 199 kroner eller meir, er det gratis frakt.  Mitt Visakort er registrert der, så det skal ikkje så mange tastetrykk til. Dei har og eit ganske godt tilbod på engelskspråklege bøker,

Boka over bestilte eg fordi ho såg interessant ut.  99 kroner er ingen stor risk om det skulle bli eit bomkjøp.  Sjølv har eg ikkje vore så opptatt av krigshistorie, men synest det er meir interessant å lære om daglegliv.  Ein kan tenke seg kor mykje arbeid det låg bak eit strikka plagg når ulla måtte både kardast og spinnast før strikknga kunne begynne.
Dei første strikka plagga i boka er frå 1700-talet.
Ein finn fleire natthuer i bomull i boka.
Babyvottar.

Til alle krigane vart det strikka. Kvinnene vart oppmoda om å bidra med sokke- og huestrikking etter standardiserte mønster.
 Ein del av desse mønstera finn ein i boka.
 Desse vottane frå 1880-åra ser no ganske moderne ut?


 Krigsmote.  Ein kunne strikke seg plagg i moderne snitt.
 Elles finn ein fleire bilde av norske mønster.

 Dette er ei bok for folk som er interesserte i strikking og historie. Gjennom strikkemotar lærer ein samtidig litt om samtida. Mønstera vert nok ikkje brukt av meg.

Boka er hefta, ganske stor (litt kortare og breiare enn A4)og på 200 sider.



2 kommentarer:

  1. Sikkert mykje interessant der. Tips: Når du skal fotografere bøker, så legg dei på ein lys plass og kutt ut blitzen, då slepp du dei lyse felta.

    SvarSlett
  2. Eg får nytte dagslys neste gong ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...