lørdag 21. september 2013

Førsteklassingane

I dag har vi vore i Ørsta på familietreff.  Mor mi hadde kokt ei stor panne med fårikål.  Det smakar alltid godt, og kanskje best smakar sesongens første?
 I haust begynte 97-modellane i førsteklasse på vidaregåande.  Eit bilde av dei to då dei besgynte i førsteklasse, vart lagt ut på facebook.  Då dei var små, synest eg dei var så like at dei omtrent kunne vore tvillingar. Ein ser kanskje slektskapen enno?
Dei to har valt ulike studieretningar.  Ho går på studiespesialiserande, eller allmenn som vi kalla det før, medan han går på musikklina.

2 kommentarer:

  1. Du har ein fin blogg! Eg likar spesielt godt alle bokomtalane...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Dei er nok av ulik kvalitet alt etter kor godt eg liker bøkene.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...