torsdag 11. juli 2013

Vatikanmusea

 Både utanfor Peterskyrkja og Vatikanmusea er der lange køar.  Vi vaksne har vore der før.  For meg var det ei stor oppleving å kome inn i Det sixtinske kapell.  Alt var så mykje større enn eg hadde sett føre meg.
 Vi stilte oss i billettkø.  Den var ikkje så lang.  Normalt burde vi kome fram innan ein halv time.  Men køen rikka seg omtrent ikkje.  Nytt for oss var "skip the line". Folk hadde ordna seg jobb med å danne små reisegrupper.  Desse gjekk framom køen saman med busslaster med turistar.

No ser eg at ein kan kjøpe slike billettar på nett også. Då vi endeleg kom fram etter eit par timar, betalte vi 16 euro.  Eg veit ikkje kva køsnikarane betalte.
 Eg tok ein del bilde inne i Vatikanmusea som blogglesarane kan få sjå.  Der er og store kunstsamlingar med mykje flott kunst av dei store kunstnarane.  "Alt som pavekyrkja har røva til seg" som ein uttrykte det. Der er i alle fall moglegheiter for vanlege folk å få sjå denne kunsten.  Men det er mykje å "førdøye" på ein dag.
 Bygningane er kunstverk i seg sjølv.
 Taka.

 Veggene.
 Golva.
 Ein må løfte blikket.
 Og ein må sjå til side.


 Her er fullt av historiske og bibelske motiv.

 Kart.







Dette er berre nokre små glimt.

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...