søndag 7. juli 2013

Bok 31: Stay close

Før snakka ein om kiosklitteratur.  No er det flyplasslitteratur som gjeld.  Denne romanen kjøpte eg på ein Arkbutikk på Gardermoen på veg til Italia.

Eg bruker å seie at eg helst les nynorsk eller engelsk.  Bokmål lyttar eg til, og det møter ein overalt i aviser og på TV.

Det er noko eige med å lese romanar på originalspråket.  Ein lurer av og til på om noko går tapt i omsetjinga.  Harlan Coben har ein skarp penn.  Det gjer seg i krimlitteraturen. Menneskeskildringane hans er kostelege. I tillegg meiner eg at romanen har djupn.

Eg likte romanen svært godt.  Han vart lesen i Ostia.  Dette er verkeleg ein pageturner, spennande frå første avsnitt.  I Roma fann eg neste boka hans, Seconds away.  Så får vi sjå kor tid eg får sette meg ned i sola og lese han.

Fordelen med Coben sine romanar er at der ikkje er ein detektiv.  Ein kan lese kvar roman for seg.

På norsk heiter Stay close Vær hos meg:
Megan lever det gode liv i USA. Hun bor i et stort og elegant hus, har dyr bil, to vellykkede barn og en perfekt ektemann. Men om livet hennes virker feilfritt nå, er fortiden full av løgner. Få vet at hun en gang het «Cassie», og tjente til livets opphold som stripper. Men så forsvant en av hennes forbindelser sporløst. Det er sytten år siden. Fremdeles forsøker førstebetjent Broome å løse saken. Hvert år besøker Broome mannens familie, som håper og tror at han skal dukke opp igjen. Da Carlton Flynn blir borte på årsdagen for Greens forsvinning, setter det i gang en kjede av bevegelser. Hemmeligheter alle trodde var begravet for godt, stiger opp til overflaten og viser oss den mørke baksiden av den amerikanske drømmen.

3 kommentarer:

  1. Eg likar godt denne forfattaren, så eg må undersøke om desse bøkene finst på norsk-lydbok.

    SvarSlett
  2. Eg såg den berre som papirutgåve. Mi engelske har eg tenkt å lappe saman og gi vidare til systera mi.

    SvarSlett
  3. Her fann eg: https://www.ark.no/ark/catalog/productDetail.jsf?sort=YEAR_DESCENDING&wec-appid=ARK&page=5C30D9D8686F4B559D643067CA3F0453&itemKey=005056916CC21EE2A882D89ED00F7ADD&show=12&view=row&simpleSearchString=harlan+coben&wec-locale=no#.UdnjrCpXuSM

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...