onsdag 8. april 2020

Koronatid - eit lite livsteikn



For snart fire veker avslutta eg torsdagen med å sjå Farvel Bafana, ein film om Nelson Mandela.  Vi fekk ikkje sett filmen ferdig, for elevane var så opptatte av Koronaepedemien.  Filmen skildra historiske augneblinkar, og vi følte der og då at vi var i ein historisk augneblink.

Tiltaka mot vruset rammar ulikt.  Sjølv har eg vorte sittande og jobbe med ei Cromebook.  Læringskurva har vore bratt.  Skuldrene vart fort stive.  Men vi står han av. Eg har ingen sorger for inntekta mi.

Første sakn vart å ikkje få feire mamma sin 80-årsdag.  Det vil seie, feiringa vart på nettet, ikkje i Google Meet, men ei liknande plattform. Gode naboar stilte opp i gata og song til henne.

5. april kom det vi har venta på: Amund vart fødd på Volda sjukehus.  Håkon fekk vere med på slutten av fødselen, og han fekk vere saman med mor og barn nokre timar etterpå. No vert det ingen fleire besøk.  Dei vil heller ikkje få heimebesøk.

Vi fokuserer på at alle har det bra der dei er.  Apropos det, så kom studenten heim frå Bergen fredagen, altså dagen etter skulen var stengd.  Journalisten har heimekontor.  Løytnanten er i beredskap i nord. 

Eg har ikkje vore flink å oppdatere bloggen. Eg har valt å ikkje slutte heilt, men vente på inspirasjon til å starte opp att med ny giv.

Det har vorte mange bokregistreringar.  Eg søker ofte for å sjekke om eg har lese bøker før, så det er praktisk for meg å registrere kva eg les.

Kanskje de får sjå litt strikking framover...





1 kommentar:

  1. ... strikke, bake, lage mat, sy, spasere i skogen og lese for barnebarnet på telefonen.
    Påskehilsen fra Viola
    PS! Jeg sydde masker, kanskje vil vi gjøre eksamen på videregående skole, da vil det være behov for mange.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...