søndag 19. januar 2020

Stek, server og imponer!

 Fredag fann eg ut at eg ville invitere ei god venninne på kaffi.  Eg hadde fått melding om at det hadde kome ein pakke i posten til meg på Bunnpris, så eg tenkte eg kunne kjøpe med meg noko kaffimat derifra.  Der låg rimelege berlinerbollar, og det er no godt, men eg hadde hengt meg opp i at eg ville ha wienerbrød. Det trudde eg fanst i alle matbutikkar.  dei var kanskje utselde.  Då fekk eg prøve lykka i frysedisken.  Der var det ein pakke wienerbrød.  Eg gjorde som det stod på pakken, 190 grader på varmluft i 16 eller 18 minutt.
Eg forventa ikkje å bli imponert, men wienerbrøda var godt etande. Berlinerbollane var likevel mykje betre.  Begge delar er slikt som eg ikkje bakar sjølv, så det er sjeldan kost her i huset.

4 kommentarer:

  1. Mamma bakte av og til Wienerbrød på bestilling -men ho bakte ikkje til oss sjølve. Det kan eg godt forstå for vi fekk nydelige wienerbrød hos bakar Andersen for ti øre stykke. Når mamma fekk uventa besøk, sa ho ofte: Olaug kan du sykle ned til Andersen og kjøpe for ei krone i wienerbrød? No kostar wienerbrød opp til 20 kr pr. stk

    SvarSlett
  2. Greitt å kjøpe så mange ein "treng" - ikkje bake store mengder. Elles when in Rome ...

    SvarSlett
  3. Når Nils og eg køyrde dei lange turane våre i Sverige t.d. åt vi frokost på hotella og pizza om kvelden når vi slo leir. Midt på dagen kjøpte vi weienerbrød og kaffi. Det var ein tradisjon.

    SvarSlett
  4. Your Affiliate Money Making Machine is waiting -

    And getting it running is as easy as 1, 2, 3!

    This is how it all works...

    STEP 1. Tell the system which affiliate products you intend to promote
    STEP 2. Add some push button traffic (it takes JUST 2 minutes)
    STEP 3. See how the system explode your list and up-sell your affiliate products all by itself!

    Are you ready???

    Check it out here

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...