Mor mi held heile familein med tjukkelestar. I haust begynte ho å snakke om at ho ville strikke seg ei oransje jakke. Eg skaffa henne garn og mønster, og så lova eg henne å montere den. Blogglesarane kjenner kanskje att Vendelamønsteret.
Førre helg gjorde eg monteringsarbeidet. Etterpå vaska eg jakka for hand og tørka den på badgolvet på ein handduk. Knappane er alltid prikken over i-en. Eg er glad i tinnknappar.
No håper eg at jakka vert mykje brukt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar