torsdag 19. januar 2017

Moro på jobb

Førre veke hadde eg vaktveke.  Måndag merka eg noko uvanleg aktivitet og knuffing nær gangen til dei to nye toaletta. Tysdag undersøkte eg saka nærare.  Eg såg noko merkeleg oppe på ei takplate der ein kar nådde heilt opp og såg ut som eg hadde teke han på fersken.  Sjølv måtte eg ha stol for å nå opp.

Og kva fann eg? Eit handlenett fylt med ulike forbodne godsaker som energidrikkar og ostepop!  Posen vart konfiskert på rappen.  Eigaren melde seg til klassestyraren og fekk att varene, truleg med ei lita formaning.

I går kom eit par jenter i svært godt humør og sa at no var det på tide at eg sjekka igjen.  På vegen frå klasserommet til lærarrommet fekk eg fleire tips.  Det høyrer vel med til jobben å vere mistenksam ... Det er ikkje lett å lure ein gammal rev, plar eg seie.  Så det vart ein annan lærar som plukka ut godsakene - kjøpt inn til ære for meg?

På vegen fekk eg og spørsmålet: "Solveig, har du blogg?".  No har eg skrive eit blogginnlegg til ære for ein gjeng med tiandeklassegutar med topp humor!



4 kommentarer:

  1. Herlig :)
    Lenge siden jeg har lese blogger.
    Så vil ønske deg et riktig godt nytt år :)

    SvarSlett
  2. Ja, det skal bli kjekt å følgje karriæren til desse karane!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...