tirsdag 17. januar 2017

Jakta på den beste brunosten

Heilt sidan ein begynte å lage Innherredsost ein gong på nititalet (?), har denne mørke, søte mysosten vore på grovbrødskivene i matpakken min.

I 2017 har eg ikkje funne osten på Coop-butikken.  Eg har ikkje masa, berre sett litt til side Misværosten som har tatt plassen.  Så lenge hylleetiketten er der, må det finnast håp.  Førre veke var eg innom Kiwi i Vik.  Heller ikkje der fann eg yndlingsosten!  I går for eg eins ærend innom Spar.  Desperasjonen begynte å breie seg då eg ikkje fann Innherredsost i butikken med størst utval!

I sag var alle turdamene opptatt, så eg bestemte meg for å gå meg ein tur åleine.  Då kom eg på at eg kunne ende opp på Bunnpris.  Det er ikkje første gong butikken leverer.  I hylla der fann eg tre ostar, så no må eg berre beklage om andre i bygda vert opprådde ...

4 kommentarer:

  1. Det er vel kjedene som bestemmer over brunosten også..

    SvarSlett
  2. Ja, og eg håper på meir variasjon, ikkje mindre!

    SvarSlett
  3. Eg vart freista til å smake denne osten (har alltid brukt Fløtemysost frå Tine)
    I dag har eg kjøpt Innherredost på Coop Ekstra Nordfjordeid (der var forresten full hylle)
    No er første grovskive med ost fortært, og det var ei positiv oppleving.
    Den smaka fortreffeleg.!
    Takk for tipset.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at du og liker den! Eg er avhengig ...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...