torsdag 23. juni 2016

Første feriedag

 Sjølv om tiandeklassingane slutta torsdag, så har det vore skule for resten av elevane til tysdag.  I går var det såkalla planleggingsdag.  På fleip har eg sagt at kroppen min var innstilt på Fylkeskommunen si skulerute.  Fredag, dagen etter avslutningsfesten, vakna eg og var ikkje i slag.  Men eg stirra meg på jobb.  Skulekjøkenet skulle leggast siste hand på og pakkast vekk til sommaren.  Dette bruker elevane å vere flinke til å hjelpe til med.  Alternativet var å legge seg sjuk og kanskje måtte gjere det sjølv. Vel heime la eg meg og sov før eg henta mannen på flyplassen i kveldninga.  Når eg så hadde sjansen, datt eg i hop. 

I ettertid har eg kome fram til at det må ha vore eit eller anna magevirus.  Og når eg ikkje drikk kaffi, får eg dundrande hovudverk. Søndagskvelden tok eg meg kraftig saman og fekk kome meg på jobb for å føre inn karakterar.  Det hadde ikkje dotte meg inn at eg ikkje skulle greie måndagen.  Etter ein halv time på jobb måndag morgon svimla det for meg.  Det var berre å kome seg heim att og legge seg i eit mørkt rom... Då må eg seie at eg tenkte mykje på dei som vert liggande i lengre periodar på mørke rom.

Heldigvis kom energien gradvis att.  Tysdag morgon vakna eg klokka sju etter ei trasig natt, la meg att og vakna opplagt klokka ni.  då var det gjort.  Eg kan berre slå fast at eg ikkje har vore så sjuk sidan millenniumskiftet. I etterkant kan ein og stille spørsmål ved om det er ein risikosport å klemme ei heil klasse ...
 
Ein ting som trega meg då eg vart liggande, var dei to kuftene eg skulle gjere ferdige.  Den grå hadde eg greidd søndag.  Systera mi si har eg litt meir att på.  I dag var dei lens for knappane eg vil ha i byen, så no vert ho ikkje ferdig før midt i juli uansett.

Dei blå blomstrane på bildet dukka opp i hagen min.  Eg kunne ikkje hugse kvar dei kom frå - heilt til eg såg dei på mora mi sin blogg i går.

10 kommentarer:

  1. Reknar med at du ser at dei blå blomstrane er ei litt foredla sort av skogstorkenebb. Eg fekk fire plantar av Sissel ein gong. Ho hadde kjøpt dei. Dei er vakre og villige, med ein nydelig farge. Etter mi meining. Men så er eg spesielt svak for blå blomster. Dessverre er begge riddarsporane mine ein saga blott.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tok dei først for å vere storknebb, så spratt dei ut og vart kjempeflotte! Sikkert hagevariant?

      Slett
  2. Så trasig at du har vore sjuk!
    Men godt du er på beina igjen og klar til Sommarferie!
    Nyt den :-)

    PS: svak for blå blomster eg også ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Det er sunt å vere sjuk, så set ein større pris på å vere frisk!

      Slett
  3. Forresten er kofta veldig fin!

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur ho skal bli fornøgd! Men knappane eg har tenkt ut, er prikken over i-en. Så dei må vi vente på!

      Slett
  4. Eg trur ho blir kjempefornøgd! Tenk, for ei gåve å få! Men du treng ikkje stresse - eg har ikkje tenkt å gå med kofte før skulestart ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg stressar ikkje, men det er kjekt å få legge siste hand på verket. Det er ikkje typisk meg å ha liggande to prosjekt som ventar på montering. Så Amanda si skal eg ferdigstille så raskt som mogleg. Venstre stolpe er ferdig. Så må eg sy i knappar før eg gjer pirkearbeidet med å få knapphola på plass.

      Slett
  5. Bra du er på beina igjen og kan gå ferien godt i møte.
    Du var kanskje sliten og lett tilgjengeleg for " basseluska " frå
    fleire kantar i avskjedsrunda....
    God sommar !

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heilt typisk meg å bli sjuk i feriar. Då ungane var små, var det nærast som ein vane. Så lenge ein stressar på, held ein seg frisk ...
      God sommar til deg og!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...