mandag 6. juni 2016

Gratulerer Olaug 19 år!

 I dag fyller Olaug, den yngste av borna, 19 år.   Det er ikkje mange som har tre storebrør! Om nokon lurer på om ei slik plassering i søskenflokker gjer ein til ei prinsesse eller ein tøffing, så er svaret; begge delar!
Det har ikkje vorte fotografering ved den gule rhododendronen slik vi plar.  Han blomstrar knapt enno. Bildet frå i fjor finn de her. og så kan ein klikke seg bakover.

Dei siste åra har ho feira stort, men i år går ho og trippar og ventar på å kome opp i munnleg eksamen.  I dag kom fleire av eventuelle gjester opp i mellom anna kjemi.  Det ligg an til historie eller biologi ein gong denne veka.

Vi ønskjer henne lykke til!

2 kommentarer:

  1. Fin jente, gratulere med dagen.
    Eg les alltid spalta hennar i Vikebladet-Vestposten.

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Ja, ho liker å skrive. No flyttar ho snart og ein annan må overta.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...