lørdag 16. april 2016

Byste av ein bauta

 I dag for vi til Ulsteinvik for å få med oss seremonien der bysta av Ragnar Ulstein vart avduka. Heimevernet tok tidleg oppstilling.
 Korpset spelte før deltakarane kom.
 Forsvarssjef og forsvarsminister.
 Bilda nedover får tale for seg.  Det er lagt ut bilde og film på vikebladet.no.



 Då forsvarsministeren tala om byste av ein bauta, tenkte eg at dette får bli overskrift på bloggen.  No ser eg at eg har tenkt som ein journalist... Ho heldt fram at han var den første til å mane til ikkje å ta hemn etter krigen.
 
Ragnar Ulstein heldt ein flott tale der han og tok med situasjonen i dag.



På tysdag vert Ragnar Ulstein 96 år.  Kona insisterte på feiring på ein dag folk ikkje er på jobb og skule.
 
Arrangørane hadde bedt om fint ver.  Det vart opphaldsver, og sola kika fram.  Men nokon varme var det ikkje!

4 kommentarer:

  1. Eg har fått referat og forstår at det var ei verdig feiring
    av ein bauta.
    Fatastisk å vere så sprek som 96 åring.

    SvarSlett
  2. Lurer på om sonen Anders var der ? Eg studerte historie i lag med han. Hadde vore artig og sett han att.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det veit eg ikkje! Men om han kunne, var han der nok.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...