lørdag 13. desember 2014

13. desember

 No har vi nettopp ete lussekattar og drukke varm sjokolade. På jobb har eg laga deigar slik at elevane kunne bake ut lussekattar.  I går gjekk nokre lærarar og assistentar rundt i klassene og sang og delte ut lussekattar.  Dei som er ven med skulen vår på facebook, kan sjå bilde.

Sjølv hadde eg 75 g safran liggande i krydderskåpet.  Det smakar sjølvsagt mykje betre i baksten enn gurkemeie!
 Rett før vi sette oss for å ete middag, kom kofferten til studenten på døra.
Det er like koseleg kvart år å ta fram desse grautskålene med seks ulike motiv.

3 kommentarer:

  1. Passer på å kjøpe safran når jeg er i Spania.
    Har bakt masse lussekatter, men ikke spist det i dag.
    Skal ha det med på sykehjemsbesøk og møte i morgen.
    Men de er jo aller best helt nystekte.
    Så godt at kofferten kom til rett :)

    SvarSlett
  2. Viss du hugsar å minne meg på det, så skal du få safranen som eg har ståande. Ingen lussekattar eller andre kaker her, veit du. Min safran er også frå Spania.

    SvarSlett
  3. Min var frå apoteket, finmalen. Synest eigentleg den spanske er betre, slik ein må ha i morter.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...