tirsdag 14. januar 2014

Førre tysdag ...

... starta Grey's Anatomy opp att på TV2. Omtrent samtidig gjekk serien Broadchurch på NRK.  Dei har forresten oppdaga at det er litt langt med ei heil veke mellom kvar episode når det ikkje er avslutta episodar.  Det har eg etterlyst med til dømes Broen og Forbrytelsen.  Heldigvis har eg opptaksboks.  I dag hadde eg rigga meg til med strikketøy, men då var det herrehandball på TV2.  No set eg min lit til NRK.

Elles kan eg melde om nydeleg måneskin på tysdagsturen.

Som de ser, har eg fått ermane inn på genseren.  No er det ei som ønskjer seg Karpe Diem-genseren.  Eg har ei kjensle av at den får seg eit oppsving når hønsestrikkboka kjem i handelen.  Eg får boka frå Hobbyklubben.  Oppskrifta ligg dessutan gratis på Dale garn.

4 kommentarer:

  1. Genseren ser veldig fin ut! Eg likar godt Broadchurch-serien. Når det gjeld Mammon synest eg det er vanskelig å halde tråden sidan det er ei veke mellom kvar episode-blant anna. Har tatt opp heile serien så langt, men veit ikkje om eg orkar å sjå den om att. Det er så mange personar å halde orden på, når ein i tillegg skal lese ei bok eller to.

    SvarSlett
  2. Ein skal i alle fall ha god høyrsel for å følgje med på Mammon!

    SvarSlett
  3. Nydeleg gensar.
    I siste episode av Mammon fekk eg ikkje med kva dei sa siste minutta. Hadde på teksting, men merkeleg, når det var anna enn norsk som var snakka var det ikkje teksta. Så eg forstår godt kritikken dei får om lyden,

    SvarSlett
  4. Vi ser det i opptak, så då er det utan tekst. Begge må verkeleg konsentrere oss, og vi har normal hørsel så langt vi veit.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...