søndag 9. juni 2013

Rabarbrakake i langpanne

I dag vakna vi til regn her på Sunnmøre.  Kva skal ein finne på? Helst ville eg ha sete i ein stol og sola meg. Det er framleis vondt å gå.  Så fann eg ut at eg kanskje skulle satse på å lage ei rabarbrakake til dessert.  Det er noko eg gjer ein gong i året.  For tida har eg fire menn i kosten, i tillegg til og to damene.  Det nyttar ikkje å bake i små former. Som i forfjor tok eg utgangspunkt i TV2 si oppskrift.
500 g smør
500 g sukker

9 egg

500 g kveitemjøl
4 ts bakepulver

1 dl kaldt vatn
14 stilkar rabarbra

Sukker, gjerne demerara, til åstræ på rabarbraen.  Du kan og ha på kanel eller mandelspon etter eige ønskje.

Eg plukka inn 14 stilkar rabarbra.  Reinsa og oppskore vart det 1350 g.
 1. Rør smør og sukker kvitt.
2. Ha i egga, eitt om gongen.
Når det er mange egg i ei oppskrift, bruker eg å knekke alle på ein gong å ha dei i eit målebeger.
3. Sikt på det tørre og ha i vatnet.
4. Ha røra i ei langpanne og fordel rabarbraen over.
 Eg brukte langpanna som høyrer til omnen.  Som  de ser, er der rikeleg med rabarbra.  Strø gjerne sukker på.  Rabarbraen forsvinn ned i kaka under steiking.  

5. Set kaka ned om midten i omnen og steik ved 180 grader ca ein time.


Eg servert mjukpiska krem med 1/2 ts ekte vaniljesukker til.   Det smakte godt etter "brennsnut" og focaccia.

5 kommentarer:

  1. Takk for oppskrifta.
    Den ser god ut. Fekk nokre rabarbra-styler i Kaldholen, tenkjer å lage sylte, men der er så rikeleg at der er nok til kake òg.
    Vonar du kjem deg fort til att etter dasken, du er vel både grøn og gul etterkvart ?

    SvarSlett
  2. Eg fleipar med at bikinisesongen er øydelagt, for eg ser ut som eg har fått juling.
    Eg fekk eit tips om å ta Ibux. Det må vere noko muskulært.

    SvarSlett
  3. Hei
    Ja når står kaka i ovnen og jeg håper den bli bra. det er jo ingenting som er så godt med lunken kake og vanilje is

    SvarSlett
  4. Kjekt - håper det smakte!

    SvarSlett
  5. Nydelig kake! Helt kanon når han plutselig har "for mange" egg😊

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...