mandag 16. mai 2011

Kvæfjordkake - verdens beste?

Eg hadde to alternative overskrifter på dette innlegget: Thank you Tupperware eller Korpset krev kaker. To "festkaker" skal leverast til 17.mai-festen i Hareidhallen.  Eg må innrømme at det er litt mindre inspirerande å lage slike gi-vekk-kaker enn å skulle ha dei heime eller gi dei vekk til ei venninne.  I det siste tilfellet er ein i alle fall sikra skryt.  I går bakte eg to botnar, og i dag fylte eg begge.  Eg følte det låg mykje på skuldrene mine i dag, så eg bestemte meg for å ta tida.  Det tok meg 35 minutt å få desse to kakene inn i Tupperwaretinene.

Mi oppskrift på Kvæfjordkake er frå 1985 i ei bok frå NKL-prøvekjøken.  Den er litt lita med 4 egg.   Så i går fann eg ei ny med 5 egg i Mat på norsk for folk flest av Bjarne Håkon Hansen.  Eg har omsett ho til nynorsk og kome med kommentarar undervegs.

 Botn 
150 g smør
125 g sukker

5 eggeplommer

150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
5 ms (3/4 dl) mjølk

1. Rør smør og sukker kvitt.
2. I oppskrifta stod det at ein berre har resten i.  Av gamal vane rørte eg inn ei og ei eggeplomme medan eg skilde egga.
3. Fordel denne røra på eit bakepapir.  Eg liker slike "gjenbruk".  Då set ikkje kaka seg fast.

 Marengs


5 eggekvitar
180 g (2 dl) sukker

4. Pisk eggekvitar og sukker til lett og luftig marengs.  Her treng du ei god kjøkenmaskin.
5. Fordel marengsmassen oppå den andre botnen.
6. Dryss over hakka mandlar eller mandelflak som ein får kjøpt ferdig.  Lettvintare pynting finst vel ikkje?
7. Steik kaka ved 175 i ca 25 minutt.


 Fyll
 2 dl kremfløyte
1 pk (5 dl) vanilje- eller romkrem.  T.d. Piano.
(2 ts vaniljesukker) (Eg brukte romkrem, så eg kutta ut det)


8. Pisk kremfløyten og bland saman med rom/vaniljekremen

9.Skjer kaka i to.  Legg fyllet mellom laga.
 Sjølv om det er mange punkt, vil eg seie at dette eg ei lettvint kake å lage.  Og viss ei har ein rund og ei fikanta Tupperwaretine, er det greit å få frakta dei.
 Eg var usikker på kva eg skulle fylle sukkerbrødet med.  Det vart ein pakke Nora aprikoskompott og to boksar aprikosar.  7 1/2 dl fløyte gjekk med.
Viss nokon synest kakebotnane mine er gule, så kjem det av dei gode gardsegga ...

Gratulerer Eivind!

I dag kan vi gratulere Eivind på Kongsberg med 9-årsdagen!  Vi håper han har ei kjekk feiring i dag!  Ale vennene hans er vel svoltne på pølser og brus i dag som er dagen før dagen.  Eldste søskenbarnet hans har fødselsdag dagen etter jonsokaftan.  Vennene hans var ikkje alltid så svoltne på pølser, is og kaker når det kom til hans fødselsdag, tru det eller ei.

monty python-Ministry of Silly Walks



Focus on walking.
Det står att å høyre om dagens ungdom finn denne morosam!

søndag 15. mai 2011

Sukkerbrød

Det er midt i mai.  Det er eksamenstid, og det er tid for baking.  Klasse 10 A har kome opp i engelsk skriftleg.  Eg les gjennom førebuingsmateriellet for å legge ein slagplan.  Innimellom bakar eg til 17. mai. Korpset skal ha to festkaker.  

Idrettseleven har kome opp i matematikk skriftleg.  Journalisten skal ta engelskeksamen i morgon på Høgskulen i Volda.  Jusstudenten sit i hovudstaden og les til sine eksamenar.  Forfattaren skal halde tale 17.mai i Leikong.

Det var ein som orda frampå her om at ein ikkje burde lage kaker til å gi vekk utan å lage kake til å ha heime.  Ein får vel utstyre gjengen med 17-mai-pengar slik at dei kan oppsøke eit "matsal".

Utgangspunktet for ei tradisjonell blautkake, er eit godt og luftig sukkerbrød.  For å få til det, må ein piske ein luftig eggedosis.  Den tida eg berre hadde handmiksar, syntest eg det var vanskeleg.  I Kenwooden går det som ein draum.

Eg har prøvd å lage sukkerbrød med berre kveitemjøl, men eg vender alltid attende til denne oppskrifta med potetmjøl som eg har skrive på maskin ein gong for ca 25 år sidan.  I dag laga eg eit sukkerbrød på 26 cm.  Då tek eg 5 egg og bruker 24 cm oppskrifta og er litt raus med måla. Egga mine var nok XL, så eg kunne nok brukt berre 4.


22 cm
3 egg
1 1/4 dl sukker

1 1/4 dl kveitemjøl
3/4 dl potetmjøl
1 1/4 ts bakepulver

24 cm
4 egg
1 1/2 dl sukker

1 1/2 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1 1/2 ts bakepulver

28 cm
6 egg
2  1/4 dl sukker

2 1/4 dl kveitemjøl
1 1/2 dl potetmjøl
2 ts bakepulver

1. Pisk stiv eggedosis av egg og sukker.  
2. Sikt på det tørre og vend det forsiktig inn i eggedosisen.  Bruk slikkepott.
3. Steik sukkerbrødet på 175 grader i ca 45 minutt.

lørdag 14. mai 2011

Bok 25: Tilgi meg

"Krimhelten" i denne romanen er fjernsynsreportaren Wendy Tynes. Vi kjem rett inn i handlinga då ho "outar" ein mann ho meiner ho har bevis for at er pedofil.  Ho troppar opp med eit TV-team.  Ei ung jente har forsvunne.  Nokre studiekameratar av den pedofile har og fått skuldingar mot seg, utan at nokon av dei er dømde.  Er dei skuldige eller uskuldige?

Den pedofile, om han er det, vert skoten utan at ein finn liket.  Wendy får sparken.

Det er alltid eit pluss for ein krimroman at ein får innsyn i "krimhlten" sitt privatliv, og at det vert fletta inn i historia, meiner no eg.  Wendy sin mann vart påkøyrt av ein fyllekøyrar for fleire år sidan.  No er ho sett fri og sender Wendy brev.  Wendy opnar dei ikkje.

Roman stiller mange spørsmål om å tilgi.  Ei som tilgir, seier at ho gjer det for si eiga skuld. Wendy greier ikkje å tilgi fyllekøyraren, men er på gli når svigerfaren gjer det.

Harlan Cober skriv godt.  Eg liker språket, og eg set pris på sarkasmane.  Og eg liker slutten på romanen.  Derfor har eg vore inne og gitt den 6 stjerner.

Korpslaurdag

 I dag var alle skulekorpsa, med  forsterkningar, samla til felles øving i sentrum.
 Hareid marsjerer medan eit anna korps spelar.
 Eit utdrikkingslag laga ekstra stemning.  Bruda er korpsdame.
 Ved ferjekaia.
 Forbi rådhuset.
Sparebanken Møre gav kvart av dei fem korpsa i kommunen 25 000 kroner!

fredag 13. mai 2011

Latmannslasagne

Lasagne er populær mat i heimen.  Men det er ofte litt styr når ein skal lage til mange i full fart.  Ein skal ha store og gode former slik at den ikkje kokar over.  No har eg funne ei lettvint løysing, nemleg rett-i-gryta!  Eg fekk yngstemann til å steike kjøtdeig og løk medan eg laga ostesausen.  Så tok eg over og fullførte.  Då eg skulle legge sausane og lasagneplatene lagvis, tok eg berre ut halvparten av sausen og hadde det i eit litermål.  Som de ser, vart gryta mi temmeleg full, men som ein uttrykte det: Eg kan godt ta litt til kvelds og.
Eg bruker ikkje oppskrift på lasagnesaus.  Det vert til at eg tek det eg har av grønsaker.  Eg kallar ofte bolognesesaus for ein "rydderett".  Eg liker å ha mange ulike grønsaker i kjøleskåpet, så då er det lurt å lage slike rettar der det går med ein del.  I dag laga eg saus av:

3 store løk, finhakka
2 pk kjøtdeig
2 boksar hermetiske tomatar
1/2 glas tomatpuré
2 paprika
3 stilkar stilkselleri
4 gulrøter, finrivne
2 ts buljongpulver
2-3 ts pizzakrydder
salt og pepar etter ønskje (eg bruker lite salt)

Ostesaus:
1 l mjøl
2 - 2 1/2 dl kveitemjøl
pepar (det er salt i osten)
riven ost etter ønskje

Eg vispar berre saman mjøl og mjølk og rører til sausen kokar.  Så får den koke på svak varme nokre minutt til eg har i osten.

ost på toppen
litt riven parmesan om du har

Korleis ein legg laga?  Eg startar med kjøtsaus+plater+ostesaus+plater+kjøtsaus+plater+ostesaus og ost på toppen.

Steik i ca 20 minutt på 225 grader til osten har fått fin farge.

Denne oppskrifta vart det nesten 4 liter lasagne av ...

Gårsdagens innlegg er vekk!

Eg hadde eit lite skvåsjnyttinnlegg i går der eg viste blogglesarane nokre gjengangarar på bloggen/gamlebloggen.
De fekk sjå at det er liv i ruccolasalaten frå i fjor.
Desse blå klokkene frå i fjor er det også liv i!
Og heldigvis er det liv i Aloharosa.  Stiklingane derimot trur eg ikkje det er håp for etter den lange, kalde vinteren.
Rabarbrarota frå Ørsta har vakse seg stor og kraftig.  Legg merke til linsepus.  Heilt frå ho var lita har ho følgt meg hakk i hæl når eg har styrt i hagen.

Eg reknar med at det ikkje berre eg som har mist innlegg ...

torsdag 12. mai 2011

Hagevandring/skvåsjnytt

 I dag har det regna litt her.  Det gjer godt for hagen.  Eg har sådd sukkererter og ringblomster.
 Når avisene ikkje hadde noko å skrive om sommarstid, skreiv dei gjerne om agurkprisane.  Slik har vi fått uttrykket agurknytt.  Her på bloggen min vert det skvåsjnytt.
 I fjor hadde vi ein diskusjon om ruccolasalat.  Eg sådde ein sort og kjøpte i tillegg ei krukke på Mega i Ulsteinvik.  Eg ser ikkje vekk frå at det er den som har kome att!
 Aloharosa som eg har dyrka fram frå ein stikling har fått seg ein alvorleg knekk.  Men her er liv!
 Rabarbraen har vakse!  Legg merke til linsepus.  Ho vil ha med seg alt som skjer på eigedomen.
 Denne tulipanen har eg planta ut frå ei krukke i fjor.
 Den blomstrande ripsen månok klippast ned slik at det kjem fleire greiner.
 Forglemmegei veks som ugras.  Den er lett å luke vekk, og så sår den seg villig.
Og til slutt; riddersporen.  Det er ei rot som eg har kjøpt og ei eg har fått av Teta Pehta.

Såpestjerne som kan synge



I går dumpa eg bort i denne versjonen.  Det var noko kjent med songaren.  Er ho ikkje lege i Privat praksis?

Etter litt research ser eg at ho begynte som operasongar og musikalsongar.

onsdag 11. mai 2011

My Fair Lady part 11



Ja, kva finn ein ikkje på YouTube?  Engelskleksa denne veka er eit utdrag frå Pygmalion.  Ein kollega tipsa meg om at ein kan finne akkurat det utdraget filma på YouTube.

tirsdag 10. mai 2011

Grand Prix-kake

Brød og korn er ei av favorittsidene mine.  Eg bruker å kike innom etter nye idéar.  I dag har dei lagt ut oppskrift på ei Grand Prixkake.  Kaka såg god ut, men eg trur eg hadde droppa lakrisen.

å tyte-tyt-taut-har tote

I dette programmet som dukkar opp etter frukost-TV kvar dag, må dei ha tilsett den i Norge som er flinkast til å tyte.

"Når du ser dette, så tror du kanskje at der står LS, nei der står ikke LS, der står et tall.  Det kan kanskje se ut som der står LS ..."  Det er etter at vi har sett at der står 57.  No ser vi at det kan likne på LS.  Sjåarane til dette programmet er kanskje tungneme sidan programleiaren også må late som om han snur seg opp ned?

Det som irriterer meg meir enn tytinga, er at ein kvar dag må drive med testing av fargesyn.  Dei kunne no variere oppgåvene! Ei trøyst for dei med dårleg fargesyn (Det er ikkje lov å kalle folk fargeblinde, i alle fall ikkje på fire- eller seksårskontroll,noko eg har prøvd.), er at om ikkje programleiaren seier svaret, så seier han noko så er så nær opp til det at sjåarane veit løysinga.

mandag 9. mai 2011

Elgen og verdstreet

Desse vottane har hatt arbeidstittelen "Elg i solnedgang".

Blogglesarane kan kanskje tenke seg kven som skal få desse i forseinka fødselsdagsgåve?

søndag 8. mai 2011

Det er konfirmasjonssøndag i bygda

 Og sidan vi skal ha konfirmasjon om eit år, tenkte eg det kunne vere ein idé å fotografere hagen med tanke på kva vekstar som er på sitt finaste no.
 Her er det berre å plante løkar til hausten, ser eg!  Dei få eg sette i fjor, er fine, men få.
 Her skal det ryddast.  Kuleprimulaene er fine enno i dette skyggebedet.
 I går tok eg opp av beda nokre skogskjeggplantar som hadde sådd seg sjølv.  Dei skal få godt stell før dei kjem i rett bed.
 Kuleprimulaene sår seg og sjølv.  Eg mistenker dei for å krysse seg.
 Tulipanar og pinseliljer.
Eg kjøpte 50 narsissar i blanding ein gong.  I tillegg har eg påskeliljer i eit anna bed.

No gjeld det berre å ta fram att bilda i haust og slå til med løkar i store mengder!

Det har vore ein nydeleg, varm dag i dag og.  For dei som skal gå i bunad, er deti kkje så om å gjere med steikande sol.  Vi er inviterte i etterpålag klokka sju.

Bok 24: Ved elven

I ei kort oppsummering handlar denne boka om å vere frikjent for mord, men ikkje utanfor mistanke.  Etter å ha hatt dette hengande over seg i fem år, reiser hovudpersonen attende til heimbyen for å finne ut kva som verkeleg skjedde.

Adam Chase var vitne til at mora skaut seg.  Småbyen vil at faren skal selje jorda si, for byen treng straum, og eit atomkraftverk er løysinga.

Det er mange hendingar i romanen, men det vert og stilt ein del allmennmenneskelege spørsmål.

Les gjerne meir her, og les boka!

lørdag 7. mai 2011

Kven skal bestemme?


I dag har eg levert bunadspakken til ho som skal sy.  Ho ville trenge veskelås og capespenne.  Viss vi ville ha for på capen, så måtte vi skaffe henne to meter stoff.  Ho viste oss ein fora cape med ei lita glidelåslomme på innsida med brodert namn.  Den kunne brukast til mobiltelefon til dømes.  Alt dette fekk eg kjøpr på E-design på Hareid!

Eg har oppdaga at det er ein del val ein må ta undervegs.  Som type er eg ikkje slik at eg tygg lenge på ting.  Eg ser fort kva som er finast - i mine auge.  Eg kjøpte lommelåsen i sølv.  På den stripa de ser på låsen oppe til venstre, kan ein få gravert inn namn, ikkje så dumt kanskje!

Og så var det capespenne.  Der valde eg oksidert sølv utan raud stein.  Begge delar hadde bunadseigaren sett  hos ho som syr og godkjent.

Men så er det dette med søljer.  Her er utvalet mykje større.  Bilda viser berre nokre.  Det vil seie, det har vore vanleg med ein del gull i sølvet til Sunnmørsbunaden, men no gåt moten mot oksidert sølv.  Om ein ikkje har raud stein på capen, kan ein ha det på halsknappen.

Så spørs det kven som skal velje.  Skal ein stole på smaken til fjortenåringen?  Skal ho som betaler gjere valet?  Ein får vel helst verte eininge!

Heldigvis begynte eg å tenke på dette før 17. mai, slik at eg kan studere kva søljer folk har, og gjere meg opp ei meining.  Viss eg no ikkje allereie held ein knapp på ein knapp ...

Blogglesarane må gjerne seie si meining!

P.S.
Dette er søjer frå ein produsent.  Det finst vel fleire ...

fredag 6. mai 2011

Bok 23: Chelsea Cain Mørketid

Dette er fjerde boka med politimannen Archie Sheridan og journalisten Susan Ward.  I denne fjerde boka av forfattaren  sit seriemordaren Gretchen Lowell i fengsel.  Men der dukkar opp ein annan seriemordar.  Han liker å sjå folk drukne.  Og han bruker ein giftig blekksprut.  Ein gut som vart kidnappa for eitt og eit halvt år sidan, dukkar opp.

Bakteppet er ein situasjon der demninga i byen held på å breste, noko den har gjort ein gong for 60 sidan.  Her er hendingar i notid og i fortid.

Etter mi meining er dette kvalitetskrim.

torsdag 5. mai 2011

Vår i vindaugskarmen

 Det er ikkje berre i hagen det livnar no.  Rosene eg kjøpte i vinter, har kome med nye greiner og knoppar.  Ereg heldig, får dei eit nytt liv ute seinare i sommar.
 Fleire orkidéar held på å sprette ut.  Denne fekk eg av tanta mi, ho som bur åleine på ei øy, for to år sidan.
 Denne pasjonsblomster buktar seg kring den store engletrompeten min.  Den ser visna ut, men der er liv, ser eg.
 Porselensblomst, eller kva den no heiter, står i knopp.
 Denne avleggaren av ein engletrompet har eg fått av venninna mi.
 Ho skal få ein av pelargoniastiklingane mine.
 I år tjuvstarta eg litt.  Vanlegvis er 1. mai ein god dato å så skvåsj.  Eg sådde eit par tre frø ei veke før, berre eitt spirar.
I går fekk eg 5 kilo malen fisk av far min.  Det vart til fiskekaker på akkurat den tida det tok meg å lytte til ein CD.  Då hadde eg ei maskin, to bollar og to steikepanner i sving.  No sit eg her og er tørst.  Nest etter jordbær, er fiskekaker noko som er vanskeleg å la vere å maule når ein styrer med det...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...