torsdag 18. april 2019

Påsketreff 2019

Vi synest alltid det er kjekt å samle familien!  I dag kom systera mi med sine, og Håkon henta mormora. Arbeidsdelinga var klar.  manne kokte "julemiddag".  Eg laga dessertar og gjestene hadde med seg kaker.
Her er Øystein fotograf.
Det er eitt år sidan pappa døydde i dag. Systera mi var på grava og tok eit bilde på vegen hit.  Ho sakna fuglane.  No lurer vi på kva som har skjedd.  Siste bildet med fuglane på grava var tatt julaftan.
Ein kan ikkje sjå merke etter dei.  Det første vi må få vite, er kor godt dei var festa.  Viss dei har dotte ned, kan no dei som har oppsyn med gravplassen ha funne dei.  Vi håper og trur der er ei "naturleg forklaring"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...