torsdag 10. januar 2019

Reparasjon av kle

 Denne boka tok eg med meg frå biblioteket etter nyttår.  Det kjem kanskje ein dag vi ikkje berre kan slenge kle i konteinarar og håpe andre vil slite dei ut?
 Eg kan hugse at då vi budde på Melle seint på 60-talet, snudde farmor kragane på pappa sine skjorter slik at dei kunne brukast vidare.
I boka finn ein mange døme på reparasjonar som byte av glidelås og stopping.  Sengetøyet over som vert hekla til ein puff synest eg å dra kjensel på?

Min spådom om framtida er at det vil bli "in" både å kaste mindre mat og kle. 

Time will tell.

1 kommentar:

  1. På 1970 talet snudde eg faktisk kragen på eit par av yndlingsskjortene til Ottar.
    Men det gidd eg ikkje lenger ;)
    Men eg har kjøpt meg ny symaskin for pengar eg fekk til 70 årsdagen så litt sying trur eg det skal bli. Berre eg får klare auger etter kvart...hehe.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...