mandag 21. januar 2019

Gode strikkepinnar

 Det vert sagt at god reiskap er halve jobben.

Før jul sa mor mi at ho ønska seg nye settpinnar nr 3.  Så mange tjukkelestar ho produserer, så fortente ho gode pinnar, tenkte eg, og slo til på eit sett med Knit Pro karbonz-pinnar på TrådKråa.  Pinnane vart godt tatt imot.

Etter jul begynte eg å tenke på mine eigne pinnar.  Spesielt 3,5 pinnane mine, som eg har arva etter svigermor, er kanskje modne for utskifting?  Og så bruker eg ofte pinnar nummer tre.  Eg plukka med meg to pakkar, men då eg kom i kassa såg eg eit etui med alle nummer mellom 2,5 og 5. Det appellerte til ordenssansen min, for å seie det sånn...
Sidan eg liker å parallellstrikke, kjem nok dei andre pinnane til å verte brukte som avlastingspinnar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...