torsdag 31. januar 2019

Bok 3: Mannen fra Montana


En forfatter jakter på en forsvunnet hippie. En familie blir med uten å vite hva de går til. Thor Vigeland tilbrakte noen sommermåneder 1972 i Kongsvinger. Den norskamerikanske hippien gjorde et uslettelig inntrykk på mange i bygda, ikke minst en pur ung Levi Henriksen. Vigeland forsvant like fort som han dukket opp, og siden har ingen hørt fra ham. 35 år seinere bestemmer Levi seg for å oppspore den gamle bohemen. Sammen med familien legger han ut på en ekspedisjon gjennom Amerika. På veien oppsøker de mytiske plasser som Alamo, Santa Fe og Durango og møter samtidig den amerikanske folkesjela. Lydspor underveis er et gammelt kassettopptak der Vigeland synger Bob Dylan. Familien skjønner lite av hva Levi egentlig vil med turen, men holder humøret oppe. Sporene fører mot Montana og den lille byen Missoula. Vil de finne Thor? Og tåler drømmen om Amerika møtet med virkeligheten?

Etter å ha lese store dosar krim, er det befriande å lese ein roman som er meir filosoferande.

tirsdag 29. januar 2019

Bok 2: Søsteren


Sannheten tar aldri hensyn. Riverton- og Brageprisvinneren Kjell Ola Dahl med ny kriminalroman. Frank Frølich har sagt opp sin stilling i politiet og begynt som privatetterforsker. Etter et oppdrag i Østfold, over en kaffekopp, møter han Matilde, som snart tar plassen som kvinnen i hans liv. Matilde har en venninne som jobber på et asylmottak, og som trenger hjelp til å finne storesøsteren til en irakisk jente som bor på mottaket. Frank tar motvillig på seg oppdraget og begynner straks søket for å få saken unna. Like etter dukker forfatteren Fredrik Andersen opp på kontoret hans og ber ham innstendig om å avslutte letingen, men uten å si hvorfor. Morgenen etter blir forfatteren funnet drept i hjemmet sitt på Nordstrand i Oslo. Jakten går etter hvert i to retninger: Hvem er den mystiske søsteren til jenta? Og hvorfor ble Fredrik Andersen drept? Imens motarbeider skjulte krefter Frank Frølichs arbeid. Og politiet viker unna.



søndag 27. januar 2019

26. januar

I går feira vi 25-åringen med 11 rundt to bord. Eg kan ikkje legge ut bilde av gjestene, så blogglesarane får nøye seg med å sjå bordet.  Løparen fekk eg til jul, og serviettane var tilpassa gebursdagsbarnet.

Det vert litt mimring slike dagar.  No er det snart 35 år sidan Og lignende på Lillehammer.  Partnarskapslova vart vedteken medan eg låg på sjukehuset.

i dag har vi hatt ein fin vinterdag med 3-5 minusgrader.

tirsdag 22. januar 2019

Nytt strikkeprosjekt


Mannen ropte meg inn i stova ein dag eg var på kjøkenet. Eg måtte kome og sjå ein genser som ein journalist i NRK hadde på seg. 

Etter litt detektivarbeid fann eg strikkepakke på Garnius. Mor mi fekk ein rundpinne nr 3 med meg. Eg har sikkert ein til, men som de ser tok eg meg ein tur på TrådKråa og investerte både i 2 1/2 og 3.,,

mandag 21. januar 2019

Gode strikkepinnar

 Det vert sagt at god reiskap er halve jobben.

Før jul sa mor mi at ho ønska seg nye settpinnar nr 3.  Så mange tjukkelestar ho produserer, så fortente ho gode pinnar, tenkte eg, og slo til på eit sett med Knit Pro karbonz-pinnar på TrådKråa.  Pinnane vart godt tatt imot.

Etter jul begynte eg å tenke på mine eigne pinnar.  Spesielt 3,5 pinnane mine, som eg har arva etter svigermor, er kanskje modne for utskifting?  Og så bruker eg ofte pinnar nummer tre.  Eg plukka med meg to pakkar, men då eg kom i kassa såg eg eit etui med alle nummer mellom 2,5 og 5. Det appellerte til ordenssansen min, for å seie det sånn...
Sidan eg liker å parallellstrikke, kjem nok dei andre pinnane til å verte brukte som avlastingspinnar.

fredag 18. januar 2019

Gratulerer Håkon 25!

På tampen av dagen vil eg gratulere Håkon med 25-årsdagen! På bloggen kalla eg han lenge minstemann.  Det er han nok ikkje lenger, men yngst av brørne.

Eg håper at han har hatt ein fin dag, så satsar vi på å feire han neste helg!

torsdag 10. januar 2019

Reparasjon av kle

 Denne boka tok eg med meg frå biblioteket etter nyttår.  Det kjem kanskje ein dag vi ikkje berre kan slenge kle i konteinarar og håpe andre vil slite dei ut?
 Eg kan hugse at då vi budde på Melle seint på 60-talet, snudde farmor kragane på pappa sine skjorter slik at dei kunne brukast vidare.
I boka finn ein mange døme på reparasjonar som byte av glidelås og stopping.  Sengetøyet over som vert hekla til ein puff synest eg å dra kjensel på?

Min spådom om framtida er at det vil bli "in" både å kaste mindre mat og kle. 

Time will tell.

tirsdag 8. januar 2019

Bok 1: Berlin


Den annen verdenskrig sluttet i Europa i mai 1945 da Adolf Hitler begikk selvmord i sin førerbunker og da Stalins Røde Armé tok Berlin noen dager senere. I slaget om Berlin sendte Stalin inn 2,5 millioner soldater, 6 250 stridsvogner, 41 600 kanoner og 7500 fly. Forfatterens skildring av slaget om Berlin er både rystende og gripende. Det er en beretning om stolthet, fanatisme og ondskap. I sentrum står Hitler og Stalin. Hitler gir sine siste desperate ordrer, mens Stalin ofrer 80 000 soldater for å innta Berlin. I boka beskriver Beevor Den røde armés brutale ferd mot Berlin. Mord, plyndring, voldtekt og ødeleggelser var vanlig.

Denne boka har eg begynt på eit par gonger før. I mangel på anna litteratur gav eg meg i kast med denne 16 Cd-ar lange dokumentaren/faktaboka.

Her er svært mykje å lære! Først i seinare tid har eg forstått korleik russarar for fram med tyskarane i siste fase av krigen - og første fase av freden. Her er mykje hemn på begge sider. 

Dette vert sterk lesnad.  Ikkje minst er det fælt å lese korleis Hitler vil dra med seg flest mogleg i døden ved å slåst til "siste mann" i staden for å kapitulere og kanskje få eit anna oppgjer?

Ein annan refleksjon: Var der berre gentlemen på alliert side?  Er det meir vi ikkje veit?

mandag 7. januar 2019

Hybelliv


Tannlegestudenten reiste attende til Bergen laurdag. Reisa starta med buss for fly frå Ørsta til Vigra. 

Julegåva eg ikkje kunne motstå å kjøpe, står på omnen. Gryta har svart jern i botnen. 

søndag 6. januar 2019

Turgruppetreff

 Vi er fire damer som har gått rundt vatnet tysdagane i fleire år.  I går inviterte eg til det vi kallar årsmøte.  Det betyr berre at mennene får vere med.
 Eg registrerer at folk kastar ut jula stadig tidlegare.  Kanskje det skuldast plastjuletrea som vert sette opp til advent?  Eg bestemte meg for at vi skulle ha jul i huset i går. De vil derfor ikkje få sjå ein fin løpar eg fekk til jul...  I går mangla eg berre ein ting til bordet; telys i gull. På Nille låg all julepynt til -70%, og eg var heldig å finne gulllys med batteri.
 Kaffibordet fekk verte i raudt og kvitt.
I dag skal jula plukkast vekk!

onsdag 2. januar 2019

Julejakke?

 Eg ønska meg to strikkebøker til jul - og fekk begge.
I førjulstida på jobb sakna eg ei raud, litt sid jakke med lommer til nøklar.  Når vi oppheld oss i aulaen, kan det lett bli litt kjølig med berre kjole.  Jakka eg bruker er utan lomme, så då vert nøklane lett eit problem.

Eg fann ut eg ville begynne på neste års julejakke.  Det er ikkje sikkert motivasjonen dukkar opp i oktober.  Det kan vere greitt å gjere ting på ein ny måte. Eg har strikka raglan ned til der eg og skal auke for ein svak V-hals.  Når eg har strikka ferdig garnnøstet, kjem eg til å strikke ermane ferdige, før eg strikkar bolen.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...