mandag 27. august 2018

Pakke i posten

I sommar hadde olaug og eg same hobby, nemleg å strikke genserar til henne.  Sjølv strikka ho bølgegenseren.  Eg rettleia henne, så ho strikka alt sjølv.  Ho vart ikkje heilt ferdig før vi for til Italia, så eglova å montere genseren og sende han når eg kom heim. 

Dette året har ho fått hybel å ein studentbustad med eige bad og kjøkenkrok.  Fargevalet fall på rosa.  Eg kom over ein rosa ostehøvel på Kitch'n i Ulsteinvik.  Ein skulle tru det var tankeoverføring, for eit par dagar etterpå lurte ho på om eg hadde ein ostehøvel til overs.

So de ser, fann eg noko rosa bomullsgarn i lageret mitt og strikka eit par klutar i tillegg til dei to eg fann på Coop.

No håper eg snart å sjå genseren i bruk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...